FERKE: Over halvparten av representantane i norske kommunestyre er nye i verva, viser valstatistikk frå Statistisk sentralbyrå.​ Foto: Truls Grane Sylvarnes.
FERKE: Over halvparten av representantane i norske kommunestyre er nye i verva, viser valstatistikk frå Statistisk sentralbyrå.​ Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Mange ferske lokalpolitikarar i kommunestyra

Over halvparten av representantane i norske kommunestyre er nye i verva, viser valstatistikk frå Statistisk sentralbyrå.

Årdal/Lærdal: Ved kommunevalet i fjor blei 46 prosent av representantane attvalde, ved valet i 2011 var talet 44 prosent.

Professor emeritus ved institutt for administrasjon og organisasjonsfag ved Universitetet i Bergen Audun Jon Offerdal seier til Nationen at det er kva ein legg vekt på, som bestemmer om det er heldig med stor utskifting.

– Legg ein vekt på erfaring, kan det diskuterast om det er heldig. Legg ein vekt på at det er ein fordel at mange veljarar er innom kommunestyre, og slik får spreidd kunnskapen om å styre blant folk, er det ein fordel, seier han.

Offerdal fortel at det sidan 1920 har vore stor utskifting i norske kommunestyre, opp mot 65 prosent. I Danmark har utskiftinga vore mindre.

– I Danmark er kommunestyra små, med ein politisk elite som sit og styrer. Utviklinga i Noreg går same vegen. Kommunestyra blir mindre, og færre folk kjem innom. Vi er på veg til eit elitedemokrati. Med kommunesamanslåingar får vi det heilt sikkert, seier Offerdal til avisa. (©NPK)

Til toppen