POPULÆRT: Stadig fleire unge tilbringer påska i Jotunheimen.
POPULÆRT: Stadig fleire unge tilbringer påska i Jotunheimen. (Illustrasjonsfoto: Marius Dalseg Sætre / Pressefoto)

Mange fleire går i fjellet - 27 prosent auke i Jotunheimen sidan i fjor

I ei pressemelding frå Den Norske Turistforeining kjem det fram at Jotunheimen er det turområdet i landet som har hatt størst besøksauke det siste året.

Indre Sogn: Turisthytta Glitterheim i Jotunheimen har hatt ein auke på 45 prosent sidan i fjor påske. Skogadalsbøen turisthytte, også i Jotunheimen, hatt ei auke på 20 prosent.

– Til trass for at påska i fjor var tre veker tidlegare enn i år og uvanleg snø- og solrik, har endå fleire funne vegen til fjellet i år, seier generalsekretær i DNT, Dag Terje Klarp Solvang. 

Fleire unge i fjellet

Ein må tilbake til 2013 for å finna like mykje folk i fjellet. Friluftsinteressa til mange unge har auka betrakteleg dei siste åra. 

 

– Vi ser at det er fleire unge på fjellet enn før.

– Det er en stadig meir klimabevisst yngre generasjon som søker opplevingar i eige land framfor å fly til utlandet i ferien, og det er vi glade for, sier generalsekretæren. 

Til toppen