STYRER BUTIKKEN: Marianne Supphellen, dagleg leiar for Den norske bokbyen i Fjærland, er klar for ein ny sesong. Den tjuande i rekka. Foto: Halvor Farsund Storvik.
STYRER BUTIKKEN: Marianne Supphellen, dagleg leiar for Den norske bokbyen i Fjærland, er klar for ein ny sesong. Den tjuande i rekka. Foto: Halvor Farsund Storvik.

– Mange forstår kanskje ikkje kor viktig bokbyen er

Hektisk før sesongopninga i Fjærland.

Fjærland: Marianne Supphellen ber på ein stabel med bøker. Som dagleg leiar for bokbyen har ho ansvaret for å sette endelause meter med bokhyller i stand til opninga av sesongen. Då vi treffer ho er det to dagar att. 

– Vi bruker alltid å leggje oss i selen før ei opning, men akkurat når det er tjueårsjubileum, så tenkjer vi litt ekstra på at det skal sjå fint ut, seier ho.

Let unge få oppdage litteratur

Supphellen fekk sommarjobb på turistkontoret i bygda det året bokbyen offisielt opna, i 1996. 

– Så eg har eigentleg vore med sidan starten, seier ho.

Sidan den gong har bokbyen utvikla seg til å bli ein av dei større bedriftene i Fjærland. Den er òg med på å skape liv i bygda om somrane, gjennom store arrangement som boknatta. 

For Marianne Supphellen er det ein annan funksjon som er minst like vesentleg.

– Mange forstår kanskje ikkje kor viktig bokbyen er for å ta vare på og formidle litteratur. Mange kjem hit fordi Fjærland er eit reisemål i seg sjølv. Så får dei servert alle desse bøkene, nesten utan å ha bedd om det. Vi trur at det er spesielt viktig for dei som veks opp, at dei blir tekne med inn i den verda. Og her er det lange gangar med bøker, det er heilt vilt, seier ho.

Har opna nettbutikk

Det er vanskeleg å vere ueinig, om lag fire kilometer med hyller, eller 150.000 bøker, har det blitt. Og viss du lurer, varetelling er det kvart einaste år. 

– Litt tid tek det, sjølv om vi har våre metodar, seier Supphellen.

Nærare 12.000 titlar er søkbare på nett, ei nyvinning i høve jubileumsåret. 

GODBIT: Førsteutgåva til ei av bøkene William Slingsby skreiv om Noreg er blant dei meir ekslusive innslaga i bokbyen. 
GODBIT: Førsteutgåva til ei av bøkene William Slingsby skreiv om Norge er blant dei meir ekslusive innslaga i bokbyen. 

– Og viss det er noko folk ikkje finn, er det berre å ringe eller sende oss ein e-post, opplyser den daglege leiaren.

Dei fleste bøkene har dei fått i gåve frå folk med liten plass, men utan hjerte til å kvitte seg med fullt ut dugande bøker. Slike folk er det tydelegvis mange av.

– Vi vil helst ikkje seie nei til nokon, men vi har etter kvart blitt nøydde til å begrense oss litt i kva bøker vi tek imot. For det blir litt for mykje, fortel Supphellen.

– Handlar om respekt for det som er verdifullt

Men blant sprekkeferdige plastposar, fulle av postordreleksikon kjøpt på impuls, eller bokklubb-bøker som aldri vart avbestilt, dukkar det ein sjeldan gong opp ein skikkeleg godbit.

Som til dømes førsteutgåva av The Northern Playground av den britiske fjellpioneren Slingsby. Det er ein av dei dyraste bøkene du får kjøpt i Fjærland akkurat no.

For ikkje tru at du får slike skattar på billigsal, sjølv i vesle Fjærland.

– Gamle førsteutgåver prisar vi på same måte som andre antikvariat. Det gir eit signal om at vi driv seriøst. Dette er ikkje noko dugnadsarbeid eller loppemarknad. Samtidig handlar det om å ha respekt for det som er verdifullt, seier Supphellen.

Til toppen