SLAGRAMMA: Michael Milde er leiar i blindeforbundet og sjølv slagramma.
SLAGRAMMA: Michael Milde er leiar i blindeforbundet og sjølv slagramma. (Foto: Privat )

MEININGAR

– Mange gongar opplever pårørande at den slagramma ser syner. Det er ikkje det som skjer

Synsforstyrring etter hjerneslag avdekkjast i liten grad og får ikkje mykje merksemd i rehabiliteringsapparatet.

Meiningar: Det trass i at rundt 60 % av alle slagramma opplever synsforstyrring i ei eller annan form ved hjerneslag.

Det vanlegaste synsproblemet ved slag er synsfeltutfall som rammar evna til å sjå til ei av sidene, høgre eller venstre. Utfallet kan også vere i øvre eller nedre hjørne av synsfeltet. Visuell neglekt kan vere ein annan konsekvens. Det er ikkje eit fysisk sansetap som ved synsfeltutfall, men redusert/manglande merksemd på gjenstandar/menneske i den eine synsfelthalvdelen.


  • Meiningar:
    Dette er eit meiningsinnlegg. Det gir uttrykk for meiningar og haldningar hjå innsendaren. Har du lyst å skrive meiningsinnlegg i Porten.no? Klikk her.

Andre synsforstyrringar etter slag er: Dobbeltsyn, lysømfintlighet, tørre/såre auge, hallusinasjonar (ser syner) og svekte visuell minne (kjenner ikkje att ansikt, objekt, bokstavar).

Ved mange av desse synsforstyrringane kompenserer hjernen med å setje inn objekt i synsfeltet. Mange gongar opplever pårørande at den slagramma ser syner, det er ikkje det som skjer, det er hjernen som fyller inn informasjon i den delen av synsfeltet som er borte. (Som oftast vil den slagramma tru at det dei «ser» faktisk er ekte. Ein kan til dømes tru at ein sjukepleiar går gjennom veggen eller at det brenn i ei gardin.)

Norges Blindeforbund arbeider kontinuerleg med denne problemstillinga på fleire viktige arenaer. I tillegg til rehabiliteringstilbodet vårt ved Hurdal syns- og meistringssenter, som er det einaste i sitt slag i Noreg, er Blindeforbundet også aktive for å få myndigheiter og helsevesen til å gjære det obligatorisk at slagpasientar sitt syn blir undersøkt på sjukehuset. Vidare ønsker Blindeforbundet at avdekkja synstap automatisk skal gje rehabilitering på lik linje med for eksempel fysioterapi ved funksjonstap og logopedbehandling ved afasi.

Norsk forsking viser at målretta synstrening har ein positiv effekt etter hjerneslag. Synstreninga består av ulike øvingar som trener augemotorikk og muskulatur. Bruk av spesielle dataprogram, bokstavbrikker, plansjar, lysbilete og tekst-hjelpemiddel gjev auka kapasitet i synsfeltet og stødigare augemuskelatur. Resultatet blir riktigare og raskare lesing, og dessutan betre orienteringsevne. Det er viktig å kome tidleg i gang med denne behandlinga for å oppnå best mogleg resultat.

Difor står Norges Blindeforbund i frontlinja og ser det som svært viktig at slagramma sitt syn blir ein prioritet!

Rehabilitering av slagramma er avgjerande for å halde oppe godt syn og lære seg å leve med det restsynet ein har. Det er krevjande rehabilitering – ressursmessig, men ei svært god samfunnsmessig investering då menneske med hjernerelaterte synsvanskar som får tidleg hjelp og god synstrening vil meistra kvardagen langt betre!

Har du, eller kjenner du nokon som er råka av hjerneslag? Då må du be helsevesenet om å ta synet på alvor. Du kan og kontakte Norges Blindeforbundet si rehabiliteringsavdeling. Der kan dei assistere med gode svar på spørsmål du har om syn og slag, rehabilitering og utfordringar i kvardagen.

Til toppen