FEIRING: Helene Maristuen har og har hatt fleire rollar innanfor reiselivet i Lærdal og regionen - ho fekk æra av å spretta på"kongevegkaka" under insdagens feiring. Her med lokalhistorikar Kåre Hovland. Foto: Ole Ramshus Sælthun
FEIRING: Helene Maristuen har og har hatt fleire rollar innanfor reiselivet i Lærdal og regionen - ho fekk æra av å spretta på"kongevegkaka" under insdagens feiring. Her med lokalhistorikar Kåre Hovland. Foto: Ole Ramshus Sælthun

- Mange i heile verda er misunnelege på oss i dag​

Den høgthengjande prisen Kongevegen har fått vart feira med kake i ein høgst uformell samankomst onsdag. No trur reiselivet på stor auke i mengda av fotturistar.

Lærdal: - Du har vandreruter i Skottland er det 100 000 fotturistar som går årleg. Noko liknande trur eg ikkje er umogleg å få til her, seier høgskulelektor innan reiseliv Helene Maristuen.

Onsdag vart det offentleggjort at Kongevegen over Filefjell får prisen EU Prize for Cultural Heritage / Europa Nostra Awards for 2017 i kategorien "Conservation" (bevaring).

Les også: Denne vegen har fått kulturminnevernet sitt svar på Oscarprisen

Pristildelinga var svært så hemmeleg - ingen skulle vita noko før offentleggjeringa, og såleis vart feiringa av prisen på Kulturhuset i Lærdal av det uformelle slaget.

Artikkelen held fram under biletet

KAKEFEST: Pristildelinga vart feira med ei svært forseggjort kake i Kulturhuset i Lærdal onsdag.
KAKEFEST: Pristildelinga vart feira med ei svært forseggjort kake i Kulturhuset i Lærdal onsdag.

- Må forvaltast rett

Kommunetilsette, reiselivs- og andre næringslivsaktørar var til stades under feiringa. Maristuen meiner det blir svært viktig å gjera ting rett skal ein nytta seg av prisen på best moglkeg vis.

- Den må forvaltast rett, det er ikkje berre tut og køyr, og så skal 100 000 menneske gå den årleg. For eksplosiv vekst utan at tilrettelegginga held tritt vil fort gje ein "trolltungaeffekt".

Europa Nostra-prisen går til Kongevegen fordi den har vorte så godt vedlikehalden. Eit vedlikehaldsprosjekt med ein prislapp som har vorte rundt 20 millionar kroner starta å rulla i 2009 og har løfta vegen stort. 

NØGD: Styreleiar Knut H. Maristuen i Kongevegbedrifter Filefjell SA trur prisen kan gje fleire postitive effektar.
NØGD: Styreleiar Knut H. Maristuen i Kongevegbedrifter Filefjell SA trur prisen kan gje fleire postitive effektar.

Men ein kan ikkje setja seg ned og slappa av no, strekar Knut H. Maristuen under, styreleiar for Kongevegbedrifter Filefjell SA

- Det skal stikkast og grøftast - noko må gjerast heile tida for å halda vegen ved like. Desse tinga er vel så viktige som dei store løfta. Og dei kostar, så her vil bli behov for offentlege midlar også framover.

Knut H. Maristuen meiner prisen kan gi fleire effektar.

- Den er veldig viktig. Vegen og heile området blir betre kjent. Særskild på den internasjonale marknaden; prisen er nok betre kjend i mange andre land enn Noreg. Og det kan føra til påtrykk for å restaurera dei delene av vegen som står att.

Les også: Verksemdene ved Kongevegen har auka omsetnaden med 15-30 prosent

- Eit nesten femti år langt arbeid

Under markeringa av pristildelinga onsdag streka også lokalhistorikar Kåre Hovland under at trass eit stort løft sidan 2009, har restaureringarbeid med vegen pågått i mange tiår. 

- Det starta eigentleg i 1971 og har vore eit nesten femti år langt arbeid, sa han.

Og dei det starta med var utanbygds; Stein Erik Skoug frå Gjøvik og Ingemar Nordstrand frå Hyllestad. Skoug gjekk vegen i 1971, og då hadde det gått eit par ras på visse strekningar. Dette ville han få gjort noko med, og etter kvart kom Nordstrand inn i biletet og danna ungdomslag på 15-20 mann som gjorde slike jobbar.

Etter at Skoug og Nordstrand hadde gjort sitt starta den lokale foreininga "Vinhellas venner" opp. I styret sat mellom andre hotelleigarane Roar Husum og Ole Johan Lindstrøm. Dei tok arbeidet vidare, og etter kvart har Lærdal turleg gjort mykje arbeid med vegen, der særskild Oddkjell Bosheim, Jakob Vik og Jørgen Bruheim har vore sentrale.

- Den siste store jobben som vart gjort var i 2002, etter at eit stort ras hadde gått heilt i botnen av vegen, fortel Hovland.

Artikkelen held fram under biletet

MANGE Å TAKKA: Lokalhistorikar Kåre Hovland (t.h.) trekte fram innsatsen som er gjort av mange i nesten femti år for å løfta opp Kongevegen til det den har vorte. Her med ordførar Jan Geir Solheim og rådmann Alf Olsen jr. under markeringa etter offentleggjeringa av prisen.
MANGE Å TAKKA: Lokalhistorikar Kåre Hovland (t.h.) trekte fram innsatsen som er gjort av mange i nesten femti år for å løfta opp Kongevegen til det den har vorte. Her med ordførar Jan Geir Solheim og rådmann Alf Olsen jr. under markeringa etter offentleggjeringa av prisen.

- Går ikkje an å bli betre enn dette

Jan Adriansen hjå Statens Vegvesen har vore prosjektleiar for restaureringsarbeidet frå 2009 av, og trur prisen kan få stor effekt.

- Om ein spelar korta riktig no kan det bety mykje for turismen Og i Noreg kan det bety kjempemykje for andre historiske vegar; ja for kulturminnevernet i heile landet.

Spesielt det at Kongevegen når ei svært brei målgruppe trekkjer Maristuen fram som gunstig.

- Den når ut til alle - også sokalla "soft hikers". Det er ingen fjelltopp - rett nopk nokre få bratte bakkar, men ikkje verre enn at dei aller fleste klarar dei. Prisen betyr svært mykje marknadsføringsmessig - tenk på alle delingane i sosiale media no. Det går ikkje an å bli betre enn denne prisen. Mange i Noreg, ja i heile verda, er misunnelege i dag.

Til toppen