FARGERIKE: Folkehøgskulen i Sogndal har brukt dagen til å lage store fargerike plakatar som dei kom marsjerande inn i sentrumsparken med for «Klimabrølet» . (Foto: Janne Merete Bøyum)
FARGERIKE: Folkehøgskulen i Sogndal har brukt dagen til å lage store fargerike plakatar som dei kom marsjerande inn i sentrumsparken med for «Klimabrølet» . (Foto: Janne Merete Bøyum) ( )

Mange møtte opp for å brøle for klima

«Klimabrølet» skal få politikarane til å setje klimaet høgare på lista. Sogndal var òg med på den nasjonale markeringa.

Sogndal: – Eg er her i dag fordi eg bryr meg om klimaet, og me vil at folk kan gjere ein forskjell, seier Stian Karlsen.

Stian Karlsen er glad for at det var ei slik markering i Sogndal, og ikkje berre i storbyane. Foto: Janne Merete Bøyum

I lag med elevar ved Sogndal Folkehøgskule, var han ein ein av mange med store fargerike banner som kom marsjerande inn i sentrumsparken. Han er glad for at noko slikt blir arrangert i Sogndal.

– Det bør vere ei slik markering over alt. Sogndal er ikkje ein storby, men det er like viktig å ha det her, seier Karlsen. 

Følge av skulestreiken

– Dette er ei markering som kjem etterfulgt av skulestreikane for klima, seier Mathilde Buch Larsen, som er medarrangør for Klimabrølet i Sogndal og lærar på Sogndal Folkehøgskule. 

Ho fortel at det begynte med at mannen hennar og ho ynskja å delta på arrangementet sjølv. 

– Eg og mannen min hadde lyst å reise til Bergen eller Oslo for å delta på Klimabrølet, men så fann me ut at me kunne arrangere det her, seir Buch Larsen.

Mathilde Buch Larsen (t.v) og Frida Isungset er begge med-arrangørar av «Klimabrølet». Marte Kvitberg (t.h) er ei bekymra mor som holdt appell foran folka i Sogndal. Foto: Janne Merete Bøyum

Ved å følgje internettstaden til klima-brølet, kunne dei enkelt starte planlegginga av hendinga.

– Så fann me dei som kunne halde apell, og stå for musikkinnslag. Og me fekk sparebanken vest til å sponse oss, seier ho. 

Frida Isungset er også med-arrangør.

– Me håpar å få politikarane til å setje klima høgare opp på dagsorden, seier Isungset.

FARGERIKE: Folkehøgskulen i Sogndal har brukt dagen til å lage store fargerike plakatar som dei kom marsjerande inn i sentrumsparken med for «Klimabrølet» . (Foto: Janne Merete Bøyum) (Bilde:  )
Folkehøgskulen laga mange fargerike banner som dei hadde med på «Klimabrølet» i sentrumsparken i Sogndal. (Foto: Janne Merete Bøyum)
Folkehøgskulen laga mange fargerike banner som dei hadde med på «Klimabrølet» i sentrumsparken i Sogndal. (Foto:  Janne Merete Bøyum)
Dumpster Divas er eit aktivistband frå Voss, og dei syng om klima og jordkloden. (Foto: Janne Merete Bøyum)
Det var mange som møtte opp i sentrumsparken for å brøle for klima. (Foto: Janne Merete Bøyum)
Inger-Johanne Kaardal frå Elevorganisasjonen var ein av dei som hadde ein appell. (Foto:  Janne Merete Bøyum)
Folk strøymde på til sentrumsparken i Sogndal for Klimabrølet. (Foto: Janne Merete Bøyum)
Til toppen