REKRUTTDERINGSDAG: Torsdag inviterte Sogn brann og redning til rekrutteringsdag. Heile 22 personar møtte opp, der dei måtte gjennom både fysiske og mentale testar. Foto: Youri van der Werve.
REKRUTTDERINGSDAG: Torsdag inviterte Sogn brann og redning til rekrutteringsdag. Heile 22 personar møtte opp, der dei måtte gjennom både fysiske og mentale testar. Foto: Youri van der Werve. (Foto: Youri van der Werve)

Mange møtte opp på rekrutteringsdagen til Sogn brann og redning

Dei forventa ti, men då Sogn brann og redning inviterte til rekrutteringsdag torsdag, møtte heile 22 personar opp. 

Sogndal: Sogn brann og redning IKS er ein brann- og redningsteneste for kommunane, Sogndal, Luster, Leikanger, Balestrand og Vik. Hos brann og redning IKS er det mange lokale med småe deltidsstillingar som har lyst å kunne hjelpe lokalsamfunnet.

– Dette er ein spesiell arbeidsplass, seier varabrannsjef Olaf Mørch.

– Når ein jobbar hjå oss, vil ein møte på mange forskjellige utfordringar, men ein må ikkje forventa å bli rik av det, fortel han.

Mange har jobb ved sidan av

Sogn brann og redning IKS treng ofte nye folk.

– Av og til er det folk som sluttar på grunn av alder, andre gongar seier dei berre opp, forklarar Mørch.

Artikkelen held fram under biletet.

MANGE KOM: Sogn brann og redning hadde forventa ti, men i staden kom 22 personar til rekrutteringsdagen deira.
MANGE KOM: Sogn brann og redning hadde forventa ti, men i staden kom 22 personar til rekrutteringsdagen deira.

– Ein må huske at dei aller fleste har ein anna 100% jobb ved sida av å jobbe hos Sogn brann og redning IKS.

Forventa ikkje så mange

Når dei treng nye folk, har det alltid vore vanleg med rekrutteringsdagar, men då ville dei ledige stillingane alltid blitt annonsert gjennom ledig stilling-annonse.

– Når me brukte stillingsannonse, greidde me ikkje å nå ut til folk.

På grunn av dette valde dei å bruke sosiale media og det ser ut til å fungere.

Artikkelen held fram under biletet.

UVENTA: Olaf Mørch, varabrannsjef, seier det var heilt uventa med så mange oppmøtte til rekrutteringsdagen.
UVENTA: Olaf Mørch, varabrannsjef, seier det var heilt uventa med så mange oppmøtte til rekrutteringsdagen.

– Det var heilt uforventa å få så mange personar kom til å møte opp, seier Mørch.

Må gjennom fysiske testar

Totalt trengte Sogn brann og redning IKS fire til seks nye personar, så her blei det hard konkurranse mellom alle som hadde møtt opp. For å ha moglegheita til å få jobben må ein gå gjennom ein hard fysisk test. 

– Under sjølve testen møter ein på utfordringar som kan møte på når ein jobbar og testen er også ganske likt treningane våre som me har éin gong i månaden, forklarar Leif Jørgen Grangård som er brannmeister hos Sogn brann og redning IKS.

– Sjølvsagt har me lagt opp løypa slik at me får sett mest mogleg om personen passar til jobben.

Artikkelen held fram under biletet.

PUSLESPEL: På testen på rekruttane gjennom både fysiske testar, men også mentalt for å sjekke kor godt dei beheld roen i stressa situasjonar. 
PUSLESPEL: På testen på rekruttane gjennom både fysiske testar, men også mentalt for å sjekke kor godt dei beheld roen i stressa situasjonar. 

Den fysiske testen består ikkje berre av tøffe øvingar som å ta armhevingar og spensthopp med 18kg på ryggen, men også av å setje i hopp eit puslespel.

– Når ein er i ei stressa situasjon, så er det viktig å kunne roe seg ned og kunne konsentrere på det ein skal, forklarar Grangård.

Til toppen