MARKERTE SAMANSLÅING: For å markera kommunesamanslåinga og danninga av nye Sogndal, vart det arrangert tettstadvandring i Leikanger. Knut Henning Grepstad leia dei oppmøtte rundt.
MARKERTE SAMANSLÅING: For å markera kommunesamanslåinga og danninga av nye Sogndal, vart det arrangert tettstadvandring i Leikanger. Knut Henning Grepstad leia dei oppmøtte rundt. (Foto: Therese Espeland)

Mange møtte til tettstadvandring til trass for budleregn

Laurdag arrangerte nye Sogndal kommune tettstadvandring i kommunesenteret Leikanger.

Leikanger: Og sjølv om at det bøtta ned regn, møtte førti stykk for å markera at tre kommunar blir til ein. 

Målet med vandringa var at innbyggjarane skulle kunne bli kjend med alle delar av den nye kommunen, seier Knut Henning Grepstad. Kommunesenteret er lagt til Leikanger i samanslåinga. 

– Me hadde ei fin runde der eg presenterte Leikanger som adminstrasjonsstad for kommunen. Me var innom natur, næringsliv og folkelynnet. Det gav ein innføring i korleis denne kommunen er. Det har eg inntrykk av fall i god jord. Det var veldig kjekt, seier Grepstad.  

Vurderte å avlysa

Vandringa hadde følgjande rute: Sognefjord Hotel på Nokkaneset – Njøsabakken – Njøs – Trisparvollen – utsikten over midtre og ytre bygda – Dalareina – Dala-urdi – Riverdalen – Saften. 

– Vêret var heilt ufyseleg, det var det me kallar budleregn. Det skremde nok veldig mange frå å vera med, men allikevel var det omlag førti som møtte opp, seier Grepstad. 

– Det var litt diskusjon om me skulle gjennomføra eller ikkje. Men så fann me ut at me er av vikingblod, så dette toler me, legg han til. 

Han seier han fekk god respons frå dei som deltok.

– Me fekk signal om at dette var noko må me prøve å gjera ein gang til når det er finare vêr og meir behageleg å gå ut, seier han .

Til toppen