VENTAR: Dagleg leiar i Okken kraft, Knut Skår, håpar ordninga med grøne sertifikat blir utvida til i 2030. Foto: Ole Ramshus Sælthun
VENTAR: Dagleg leiar i Okken kraft, Knut Skår, håpar ordninga med grøne sertifikat blir utvida til i 2030. Foto: Ole Ramshus Sælthun

– Mange nyare kraftverk kan få problem

Dei siste par vekene har prisen elsertifikata halvert seg. Allereie marginale utbyggingar vil kunne få problem, seier dagleg leiar i Okken Kraft, Knut Skår.

Indre Sogn: – Mange kraftverk var på grensa då det låg på 37-38 øre per kilovattime. No når elsertifikata går såpass mykje ned vil mange koma under kva som er rekningssvarande, seier Skår.

For elsertifikata har søkkje som eit lodd dei første vekene av 2017. Berre på eit par veker har dei halvert seg frå tolv til seks øre per kilowattime.

Elsertifikat, også kalla grøne sertifikat, er ei stønadsordning som starta opp 1. januar 2012. Enkelt forklara går ordninga ut på at utbyggjarar av vasskraft og vindkraft får eit påslag med så og så mange ører per kilowattime oppå marknadsprisen.

Håpar regjeringa følgjer svenskane

Målet med ordninga då den vart innført var å få ny fornybar elektrisitetsproduksjon med 28,4 terrawattimar til i år 2020 for Noreg og Sverige til saman. 

No er dette målet i praksis nådd, altså det har vore større utbygging enn venta og elsertifikata er «brukt opp». Og dermed svekkjer altså elsertifikata seg betrakteleg – utbyggjarane får eit vesentleg mindre påslag.

– Mange kraftverk som er bygd dei siste åra vil få problem om dette ikkje endrar seg. Og mange som er under planlegging vil ikkje bli bygd, forklarar Skår.

Ordninga er altså eit samarbeid med Sverige, og svenskane har utvida ordninga så den skal gjelda til i 2030. Det same vil ikkje den norske regjeringa gjera, men forhandlingar om dette med svenskane går føre seg no. 

– Det beste ville vera om Noreg også utvida til 2030 så dette blir meir føreseieleg. Me håpar det blir utgangen på forhandlingane. Men akkurat no veit me ikkje korleis det vil utvikla seg, og då er me usikre på om det blir rekningssvarande å byggja ut i Tynjadalen.

Skal sjå nærare på kostnadane ved utbyggjing i Tynjadalen

Søknad om konsesjon til utbygging i Tynjadalen, som skal gje ein produksjon på 39 gigawattimar, er inne, og Skår ventar at det blir avgjort i løpet av nokre veker om dei får konsesjon eller ikkje. 

Men dersom det ikkje blir gjort noko med dei grøne sertifikata så dei vil halda fram å liggja på eit så lågt nivå om no, kan det vera at anlegget ikkje blir lønsamt.

– Konsesjonssøknaden er basert på ein grov kostnadskalkyle og me må ta ein ny kalkyle for å sjå nærare på kostnadane. Vonleg kjem me litt under kostnadane den første kalkylen viste. Blir det dyrare er i alle fall ikkje utbygginga rekningssvarande, seier Skår.

Forbrukarane finansierer dei grøne sertifikata med eit påslag på straumrekninga, men det er snakk om eit par ører per kilowattime, så Skår meiner dette har lite å seia for den enkelte straumkunde.

– Kvifor vil ikkje då regjeringa utvida ordninga, som svenskane har gjort?

– Dei seier at marknaden ikkje fungerer skikkeleg om ein held fram med grøne sertifikat. Men forhandlingane er i gang og bransjen håpar det kjem eit svar snart.

E-CO sit på gjerdet når det gjeld Mork kraftverk

Eit poeng er også at ettersom det dei siste åra berre er bygd ut små kraftverk fungerer ordninga som subsidie av desse, medan dei større kraftverka som vart bygd ut tidlegare ikkje nyt godt av ordninga. Såleis er det ulike syn innad i kraftbransjen på kor vidt ordninga bør utvidast eller ikkje.

– Anlegg som blir bygd ut og sett i drift før utgangen av 2021 får uansett grøne sertifikat. Men det hjelp lite når verdien er så låg som no, seier Skår.

Ei anna utbygging som kan vera på treppene er Mork kraftverk i Erdal – denne skal ha ein produksjon på vel 42 gigawattimar årleg. NVE har gitt konsesjon og utbyggjar E-CO ventar på endeleg dom frå Olje- og energidepartementet.

Les også: – Fifty fifty om me får til Mork kraftverk

Les også: Reknar med låge straumprisar i mange år

Direktør Odd Øygarden i E-CO vil først og fremst sjå an korleis departementet stiller seg til konsesjon.

– Me gjer ikkje ei løpande vurdering i høve prisen på grøne sertifikat. Men til slutt er det summen av antekne inntekter på kraftpris og sertifikata sett opp mot kostnader som vil avgjera om me byggjer ut.

Øygarden veit ikkje når endeleg svar frå departementet kjem, men det er venta å koma i løpet av året.

Til toppen