CROSSOVER: Mitsubishi Eclipse Cross rullar inn mellom ASX og Outlander. Foto: Produsenten.
CROSSOVER: Mitsubishi Eclipse Cross rullar inn mellom ASX og Outlander. Foto: Produsenten.

Mange nyheiter frå Genève

Fleire av dei store bilprodusentane viser fram nye modellar på bilutstillinga i Genève.

Den internasjonale bilutstillinga i Genève blir i år arrangert for 87. gong. Ho skil seg frå dei andre ved at vertslandet ikkje har eigen bilproduksjon, og er på den måten den einaste store bilutstillinga på det som kan kallast nøytral grunn.

I år kan utstillinga by på ei rad nyheiter, nokre av dei spesielle og mange som vil ha eit godt salspotensial når dei kjem i bilforretningane i Noreg utover året.

Renault børstar støv av eit gammalt heidersmerke og lanserer på nytt Alpine. Merket laga sportsbilar til slutten av det førre hundreåret, og no oppstår det på nytt med ein bil i retrodesign. A110 har same namnet og liknar mykje på ein modell Alpine produserte på 1970-talet. Det er ein sportsbil som kjem til å konkurrere med mellom andre Porsche Cayman.

Premium-SUV

BMW har nettopp lansert den nye 5-serien sin, førebels berre som sedan, men sjølvsagt kjem det ei stasjonsvogn – eller Touring som BMW kallar det. Bilen er klar for salslokala til sommaren og har vorte litt større frå den førre utgåva. Lengda er no 494 centimeter, og bilen har eit bagasjerom som tar 570 liter, samtidig som han har vorte 100 kilo lettare. Mange av komfortdetaljane er henta frå den større 7-serien. Ved lanseringa kan ein velje mellom to dieselmotorar på 190 eller 265 hestekrefter og ein bensinmotor på 340.

Artikkelen held fram under biletet.

TOURING: BMW har nettopp lansert ein ny 5-serie, og sjølvsagt kjem han snart som stasjonsvogn.
TOURING: BMW har nettopp lansert ein ny 5-serie, og sjølvsagt kjem han snart som stasjonsvogn.

Premiummerket til Citroën, DS, lanserer sin første SUV. DS7 Crossback er ein mellomstor SUV, og det skal vere planlagt ein hybridversjon med firehjulstrekk, som truleg kjem til å vere attraktiv i den norske marknaden. Her er elmotoren bak og kopla til den bakre akslingen, slik at drivverket ikkje tar plass i kupeen.

Av dei meir ekstreme nyheitene i Genève er Ferrari 812 Superfast. Bilen har det Ferrari seier er den sterkaste V12-motoren dei har putta i ein gatebil nokon gong. 812 Superfast har 800 hestekrefter, gjer null til hundre på 2,9 sekund og har ein toppfart på «meir enn 340 kilometer i timen». Bilen når maksimal effekt ved 8.500 omdreiingar per minutt, og vekta er 1.525 kilo.

Ny Range Rover

Tredjegenerasjonen av Kias småbil Picanto skal ha dei same ytre måla som forgjengaren, men med lengre akselavstand blir den innvendige plassen betre. Plassen i bagasjerommet har auka med 55 liter til totalt 255 liter. Bilen blir levert med motoralternativ på 67, 84 og 100 hestekrefter, alle bensin.

Artikkelen held fram under biletet.

VELAR: Velar gjer at Range Rover no kan tilby fire forskjellige SUV-ar.
VELAR: Velar gjer at Range Rover no kan tilby fire forskjellige SUV-ar.

Land Rover viser fram ein heilt ny Range Rover SUV, som plasserer seg mellom Evoque og Range Rover Sport. Velar blir ein konkurrent til mellom andre Jaguar F-Pace, som han òg deler mykje teknikk med. Modellen kjem for sal til sommaren og skal, ifølgje produsenten, vere ein sportsleg SUV. Samtidig skal han, som dei andre bilane frå merket, ha gode offroad-eigenskapar. Han klarer mellom anna vading i 65 centimeter djupt vatn.

– Ein ny type Range Rover for ein ny type kundar, seier sjefdesignar Gerry McGovern i Land Rover i ei pressemelding.

Bilen skal komme med eit utval diesel- og bensinmotorar med ytingar frå 180 til nærmare 400 hestekrefter.

Mitsubishi rullar ut ein SUV som skal fylle ut modellutvalet mellom ASX og Outlander, eit svært populært segment i Noreg. Eclipse Cross kjem med firehjulstrekk og ein 1,5 liters bensinturbomotor kopla til ei trinnlaus automatgirkasse. I første omgang ser det ikkje ut til at han blir levert som ladbar hybrid, slik storebror Outlander har hatt stor suksess med i Noreg.

Den største modellen til Opel, Insignia, får ei stasjonsvognutgåve dei har kalla Sports Tourer. Stasjonsvogna skal vere større enn modellen ho erstattar og har mellom anna eit bagasjerom som kan ta opp til 1.640 liter. Samtidig er bilen 200 kilo lettare enn forgjengaren.

Porsche stasjonsvogn

For ikkje lenge sidan lanserte Porsche ein heilt ny versjon av sportsedanen Panamera. No får modellen ytterlegare ein ny variant, kalla Sport Turismo. Ein bil som kanskje kan kallast ei stasjonsvogn.

Produsenten seier Panamera Sport Turismo skal vere meir allsidig enn «nokon annan modell i sin klasse». Modellen er basert på sportsedanen, men med ei større bakluke og større bagasjerom. Han skal vidare ha ei seteløysing som dei har kalla 4+1.

Artikkelen held fram under biletet.

STASJONSVOGN: Opel presenterer stasjonsvognutgaven av Insignia.
STASJONSVOGN: Opel presenterer stasjonsvognutgaven av Insignia.

– For Porsche er Panamera Sport Turismo eit steg inn i eit nytt segment, samtidig som han har dei verdiane og eigenskapane som er karakteristiske for Porsche, seier designsjefen til Porsce, Michael Mauer, i ei pressemelding.

Subaru kjem med ein ny XV. Den førre utgåva, som vart lansert i 2011, hadde ein veldig god salsstart i Noreg. Det blir framleis ei stasjonsvogn med ekstra bakkeklaring og firehjulstrekk.

Suzuki Swift i tredje generasjon får firehjulstrekk og hybrid drivlinje. Utgangspunktet er ein bensinmotor på 90 hestekrefter, som ved oppstart og under akselerasjon får hjelp av ein elmotor. Dette skal gjere at drivstofforbruket blir lågt. CO2-utsleppet er oppgitt til 101 gram per kilometer.

(©NPK)

Til toppen