FELLES SATSING: Terje Laberg i Årdal Utvikling ønskjer å lage ein overordna strategi på reiseliv i Årdal og prøve å få til ei satsing i heile næringa
FELLES SATSING: Terje Laberg i Årdal Utvikling ønskjer å lage ein overordna strategi på reiseliv i Årdal og prøve å få til ei satsing i heile næringa

Mange planar for reiselivet i Årdal

- Vi er på utkikk etter kreative gründerar med gode idear for å skapa meir turisme i kommunen, seier Terje Laberg frå Årdal utvikling.
 

Årdal: Kommunestyret har sett av 4 millionar kroner for gjennomføring av handlingsplanen i det kommande året. Hovudfokuset i år vil vera gjennomføring av reiselivsstrategien og Strategisk Næringsplan.

- Vi skal lage ein overordna strategi på reiseliv i Årdal og prøve å få til ei satsing i heile næringa. Kanskje det kan bli aktuelt å få eit overordna selskap for alle reiselivsaktørane,  seier Laberg.

Treårig prosjekt

Ei prosjektgruppe skal dei neste tre åra kartleggje potensiale for reiselivsnæringa i Årdal kommune. Dei skal få ein fleire aktørar og prata med flest mogleg innanfor næringa for å finna ulike satsingsområde og få greie på kva reiselivet kan bli betre på.

Les også Robert Jensen sin kommentrar: Årdal og utvikling av turistnæring – hvor er politikerne?

- Vettisfossen og naturen er ein naturleg del av planane. Vi ønskjer å utforska moglegheitene rundt industrien og fjorden. Det vert opp til aktørane å finna gode forretningsmoglegheiter, seier Laberg.

Den 27. januar kjem ein gjeng frå Beitostølen til Årdal for å fortelja om korleis dei har jobba opp mot turismen og kva dei har tenkt.

Nye og spennande bedrifter

Laberg håpar at reiselivenæringa i Årdal kan samarbeide med handelsstaden om å få til nye arrangement og satsingar.

- Vi får sjå om årdølane egnar seg som reiselivsvertar. Eit selskap har kontakta oss som er interesserte i å kombinere helse og natur. Dette er den type selskap som i det lange løp kan få ein funksjon inn mot reiselivet, seier Laberg.

Utladalen Camping er ei av dei satsingane Laberg peikar på som har fått til mykje spennande i kommunen dei siste to åra.

- Klingeberg hotell er inni i nye tankebaner og utvidar sitt tilbod. I sommar skal dei opne Vetti Gard for fyrste gong. Sitla Hotell i Øvre Årdal kjem til å fungere som eit vandringssegment, seier Laberg.

Olav Kjell Moen som i dag driv Skogadalsbøen saman med kona Marit Høgheim skal leiga Eidbugarden å drive hotellet. Årdal Utvikling ønskjer i tillegg tettare samarbeid med Tyinholmen og stølen.

- Det ligg veldig nærme oss og saman med grunneigarane trur eg vi kan få til ei satsing på hytteturisme, seier Laberg.

Pusar opp 20 robåtar og planar om utkikksplatå

- Ei gjeng er no i gang med å pussa opp 20 robåtar i Offerdalen for å gjere dei klar til innsats og skape liv i fjorden. Det er eit aktivitetsselskap som skal til med havkajakk, seier Laberg.

Eit selskap er også leig inn til å utbetra gjestehamna på Årdalstangen og utvikla heile sjøfronten. No er Årdal Utvikling på jakt etter lokale investorar som ønskjer å satse på fjordområde i kommunen.

Les også: Vil freista båtgjester med ny hamn

- Korleis skal Årdal møte sjøen? Det er det vi ønskjer å finne ut. Vi har også nokon planar om å byggja eit utkikksplatå ved Vettisfossen slik at folk kan stå rett ved sidan av fossen og sjå ned. Her må vi sjølvsagt sikre område fyrst. Men er må vi også forhøyra oss om kva vi har lov til med tanke på Nasjonalparken, seier Laberg.

Stien opp skal restaurerast frå Vetti og om till Morki. Dette skal planleggjast utover våren. I tillegg skal det gjerast noko med stien frå Vettis Gard og ned til foten av fossen. Det er snakk om å byggja ei ny Skåri og utvikle område med naturbaserte aktivitetar. 

- Må kunne leve av det

Framover skal prosjektgruppa sortere og prioritere og setje kommersielle rammer på prosjekta. 

- Det er viktig at dei som skal drive med turisme og aktivitetar må kunne leve av det. Vi tenkjer å produsere mat lokalt her i Årdal og har mellom anna planar om å lage Årdalskling. Vi ser på oppdrettsanlegg for fisk og å kunne produsere eigen mat av denne fisken, rakafisk til dømes. Det sit langt inne hos årdølane å tenkje næring innan turisme. Årdal er eit spesialisert industrisamfunn. Den kulturen som var her i gamledagar – landbruk og matproduksjon, forsvann for eit par generasjonar sidan, seier Laberg.

 Han ønskjer å få til ein samskipnad mellom kulturlivet og turistnæringa. I tillegg vil han utforske moglegheitene for å utvikle Målrock og Nasjonalparkfestivalen endå meir.

- Vi håpar å kunne samarbeide med heile regionen – Luster og Lærdal. Turistane ser ikkje kommunegrensene. Eg har trua på at vi kan få til noko, avsluttar Laberg.

Til toppen