Årdal: Totalt 18 spelarar frå heile Sogn og Fjordane er utteken til turneringa i Trondheim i starten av april. Fem av desse er frå Indre Sogn.
Desse skal spele for Team Sogndal med Morten Olsen og Nils Tore Krosshaug som trenarar.

Sogndal er i same pulje som Viking, Bodø/Glimt og Molde, medan ein finn lag som Rosenborg, Aalesund, Brann og Strømsgodset i den andre pulja.
Spelarane som er utteken er Marius Ylvisåker, Elias Trollebø, Johan Bakke, Henrik Kongelf og Alexander Saltnes Slinde. Med unntak av Trollebø og Slinde som representerer høvesvis Jotun og Syril, kjem resten av spelarane frå Sogndal.