Sogndal: Politiet i Sogn og Fjordane twitrar klokka 1530 tysdag at ti bilførarar fekk reaksjon då UP heldt kontroll i Sogndal sentrum. Seks fekk gebyr for manglande bruk av bilbelte og ein for å ikkje ha med seg førarprovet. I tillegg blei det tre forenkla førelegg til bilførarar som snakka i handhalden mobil medan dei køyrde.

Mange utan bilbelte då UP heldt kontroll
Fleire snakka også i handhalden mobiltelefon, og ein hadde ikkje med førarprov.