STOR INTERESSE: Drømmetrenar 2017 er eit prosjekt som har som mål å få fram fleire ambisiøse trenarar frå Sogn og Fjordane. Foto: Pressefoto.
STOR INTERESSE: Drømmetrenar 2017 er eit prosjekt som har som mål å få fram fleire ambisiøse trenarar frå Sogn og Fjordane. Foto: Pressefoto.

Mange vil bli drømmetrenarar

Eit nytt prosjekt skal få fram fleire ambisiøse trenarar frå Sogn og Fjordane.

Sogndal: I år har NFF Sogn og Fjordane sett i gong eit prosjekt dei har kalla Drømmetrenaren.

SJEF: Marius Torstrup Kloster i NFF Sogn og Fjordane er prosjektleiar for Drømmetrenar 2017.
SJEF: Marius Torstrup Kloster i NFF Sogn og Fjordane er prosjektleiar for Drømmetrenar 2017.

– Vi ønskjer å få fram fleire trenartypar som kan vere med å prege fotballen i Sogn og Fjordane i åra framover. Me starta prosjektet fordi me synst det er eit større potensiale enn det me får i dag, seier prosjektleiar Marius Torstrup Kloster i NFF Sogn og Fjordane.

Les også: Fotballforsking er vinnaroppskrifta for Sogndal
Les også: Kretsen og Kaupanger inngår utviklingsavtale​

Måtte utvide etter søkarras

Idèen henta dei frå Sunnmøre. Dei to kretsane er dei einaste i landet som har eit slikt opplegg.

Trettifem personar frå fylket deltek på trenarsamlingane, seksten av dei frå Sogn. Mellom anna Sondre Skrede frå Fjøra, Lasse Moen frå Kaupanger, Ingmar Kaldenbach og Kjell Olav Bjørken frå Lærdal, Marius Midtun Aaberge frå Syril, Brede Nymark, Kevin Lund Olsen, Marthe Bugge Eriksen, Morten Olsen, Aleksander Belland Eriksen og Anna Sørum frå Sogndal.

FAGLEG PÅFYLL: Dei fem samlingane har kvart sitt tema og består av både teori og praksis. I helga var det spelarutvikling i barnefotballen som var fokus.
FAGLEG PÅFYLL: Dei fem samlingane har kvart sitt tema og består av både teori og praksis. I helga var det spelarutvikling i barnefotballen som var fokus.

På førehand hadde arrangørane sett eit tak på tjue deltakarar, men valde å utvide då søkartalet bikka førti. Sjølv om Sogn er godt representert, manglar det både aurlendingar og årdøler på lista.

– Det er fordi det er ingen som har søkt frå dei klubbane. Me har prøvd å få tak i nokon frå Jotun, men me har ikkje lukkast med det denne gongen. Det er synd, for Jotun er jo den viktigaste og største klubben over fjorden, seier Kloster.

Treng fleire ambisiøse trenarar

Til saman skal trenarane møtast på fem samlingar. Den første var i helga på Nordfjordeid. Kvar samling skal ta for seg eitt tema som speglar trenarrolla. I helga var det barnefotball, medan neste samling i Sogndal i mars blir spelarutvikling i alderen tretten til seksten år. I mai skal gjengen vere to dagar i Florø for å sjå på korleis dei tenkjer spelarutvikling.

Det handlar om å byggje relasjonar mellom dei ulike trenarmiljøa og få fleire til å satse på trenarvirket.

– Her har me trenarar frå seksten forskjellige klubbar i fylket. Me ønskjer å trigga ambisjonane deira og få dei til å ta på seg større trenaroppgåver på sikt, seier Kloster.

Til toppen