MANGE TURISTAR: ​Hotell- og reiselivsnæringa på Vestlandet opplever høg interesse frå turistar i år. Reiselivsselskap må avvise turistar grunna fulle hotell. Foto: Halvor Farsund Storvik.
MANGE TURISTAR: ​Hotell- og reiselivsnæringa på Vestlandet opplever høg interesse frå turistar i år. Reiselivsselskap må avvise turistar grunna fulle hotell. Foto: Halvor Farsund Storvik. (Foto: Bosc d'Anjou/Flickr)

Mange vil feriere på Vestlandet i sommar

Hotell- og reiselivsnæringa på Vestlandet opplever høg interesse frå turistar i år. Reiselivsselskap må avvise turistar grunna fulle hotell.

Fjærland: – Hjå oss er det rein jubel. Dette blir det beste året me har hatt nokon gong, seier Dag Jarle Aksnes i Fjord Norge til NRK Møre og Romsdal.

Fjord Norge er eit reiselivsselskap som driv verksemd i alle dei fire vestlandsfylka. Dei må avvise mange turistar grunna fulle hotell. Spesielt gjeld dette inne i fjordane, ifølgje NRK.

Dei har vore i kontakt med hotelleigarar i Lærdal, Geiranger og Fjærland. Alle stadfestar at denne sommaren ser ut til å bli spesielt god for næringa.

Dag Jarle Aksnes seier til NRK at folk først og fremst kjem på grunn av naturen og fordi dei har høyrt om dei norske fjordane. Tryggleiken er også eit argument.

– Me blir oppfatta som ein fredeleg stad og folk kjenner seg trygge her, seier han.

(©NPK)

Til toppen