MANGE ANBOD: Det er mange entreprenørar som har levert anbod og ønskjer kontrakten med å oppgradere Bermålstunnelen. Det er også utruleg jamnt blant prisane på anboda. Foto: Google Maps.
MANGE ANBOD: Det er mange entreprenørar som har levert anbod og ønskjer kontrakten med å oppgradere Bermålstunnelen. Det er også utruleg jamnt blant prisane på anboda. Foto: Google Maps.

Mange vil ha oppdraget med Bermålstunnelen

Ein einaste prosent skil dei lågaste anboda frå entreprenørar som vil ha kontrakten med å fikse opp Bermålstunnelen.

Interessa er stor og kampen er utruleg jamn blant entreprenørar som vil oppgradere tunnelen på fylkesveg 53 mellom Årdalstangen og Fodnes. 

Ifølgje fagbladet Våre Veier er det Birkeland Entreprenørforrretning frå Gulen som leiar med eit anbod på 47,906 millionar kroner.

På andreplassen ligg det norske datterselskapet til det spanske firmaet Aldesa Construcciones. Det vil ha 48,147 mill. for jobben. Deretter kjem BMO Tunnelsikring frå Kongsberg (48,312 mill.) og Tom Sturbakk frå Bodø (48,381 mill.). Mesta ligg heller ikke langt bak med 49,314 mill.

Les også: Startar arbeidet med Bermålstunnelen til hausten

Ytterlegere tre entreprenørar gav anbod under 56 millioner: VVB Norge frå Stokke (52,6 mill.), NCC (53,6 mill.) og One Nordic Kraftmontasje frå Vestnes (53,8 mill.).

Ei av årsakene til at det er så stor oppslutnad er at både elektroentreprenørar og anleggsentreprenørar gav pris. I tillegg til dei nemnde deltok Gjerden Fjellsikring, Implenia og Skanska.

– Me ventar alltid med at alt frå ingen til langt meir enn elleve entreprenørar skal gje pris, seier Thorleiv Hurthi, som er byggeleiar i Statens vegvesen.

Les også: Vegvesenet bomma på kostnadsoverslaget

Tunnelarbeidet skal stå klart innan 16. oktober neste år. Ein feil i utlysinga gjorde at arbeidet har blitt noko utsett, då verdien av arbeidet blei sett til å liggje på mellom fire og seks millionar kroner. Her mangla det naturlegvis ein null.

Det gjorde at enkelte entreprenørar mista interessa, og difor måtte utlysinga gjerast på nytt. Det er venta at arbeidet startar opp like over nyttår. 

Til toppen