ÅRSMØTE: Human-Etisk forbund sitt fylkeslag hadde årsmøte den 12.mars, der dei valgte nytt fylkesstyre. FOTO: Human-Etisk forbund
ÅRSMØTE: Human-Etisk forbund sitt fylkeslag hadde årsmøte den 12.mars, der dei valgte nytt fylkesstyre. FOTO: Human-Etisk forbund

Mangel i fylket?

Også i Sogn og Fjordane vil fleire innbyggjarar velje å ha ei gravferd utan kyrkje og prest.

I følgje Gravferdslova skal Gravlegging skje med respekt for avdødes religion eller livssyn. Dette betyr at ein skal ha tilgang til lokale utan religiøse symbol, eller med symbol som kan skiftast ut etter ønske frå pårørande.

I alle livsfasar med seremoniar, og minnemarkeringar av ulike slag, må det samme kravet om respekt for personar sitt livssyn bli tatt vare på, meiner Human-Etisk Forbund.

Kartlegging

Human-Etisk Forbund i Sogn og Fjordane vil gjennomføre ei kartlegging av mogelege livssynsopne seremonirom i fylket. Det vil sei seremonirom som skal kunne nyttast av alle, uavhengig av tru og livssyn.

Målet med dette er å gjere arbeidet for personane som gjennomfører seremoniar lettare. I tillegg skal behovet for kommunene i fylket bli gjort synleg. Kommunen har eit ansvar for alle innbyggjarane sine, også når det gjeld tilgang til seremonilokale i ulike livsfasar. 

Til toppen