TRENG BUSTADAR: Flyktningkonsulent Dag Terje Kavlie treng bustadar til 15 personar, for å oppnå målsetjinga om å busetje 23 personar i 2015. Foto: Ina Eirin Eliassen
TRENG BUSTADAR: Flyktningkonsulent Dag Terje Kavlie treng bustadar til 15 personar, for å oppnå målsetjinga om å busetje 23 personar i 2015. Foto: Ina Eirin Eliassen

Mangel på bustadar til flyktningar

Lærdal kommune vil busetje 23 flyktningar i år, sjølv om dei til no berre har bustadar til åtte stykk. 

– Bustadsituasjonen er ufordrande. Me er avhengig av å få tak i bustader, men må ut på den private marknaden, seier flyktningkonsulent Dag Terje Kavlie, under ei orientertering om stoda til formannskapet i Lærdal.

Han legg til at det er avgjerande at bustadane er sentrumsnære, eller i god tilknytning til kollektivtransport, då flyktningane skal ha språkopplæring i Sogndal. 

Vanskeleg å planleggje

Etter kartlegging gjennom annonsering media og samarbeid med Lærdal Næringsutvikling har flyktningkonsulenten fått tak i fire to-roms bustader, som held til åtte personar. 

Det gjer det også utfordrane om flyktningane søkjer om familiegjenforeining, noko dei kan så snart dei har blitt busett i ein kommune. 

– Eg trur det kan bli tøft, og dette gjer at det er vanskeleg å planleggje framover. Men me må jo prøve, seier Kavlie. 

Han legg til at det fortsatt er tidleg i 2015, og fleire bustadar kan dukke opp mot sommaren. 

Auka talet

Etter vedtaket, skal kommunen ta i mot 15 flyktningar kvar år, i tidsrommet 2014 til 2017. I fjor fekk Lærdal kommune berre busett sju personar.

Ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim held fast med målet om å busetje 23 flyktningar i 2015, for å ta att dei som ikkje vart busett i kommunen i fjor. 

– 2014 var vel av det verste året å busetje flyktningar i Lærdal. Det burde jo bli ledige bustadar, ettersom husa blir ferdige, seier Geir Øverland (Ap).

– Me har nokre kommunale bygg me kan frigjere til dette føremålet, seier Solheim. 

Treng språkpraksis

Kavlie peika også på at dei som blir busett treng spåkpraksisplassar. Han ønskjer eit samarbeid med kommunen, på tvers av etatar, for å få dette til. Språkpraksis er eit lågterskelstiltak, og kan vera i alt frå bedrifter til idrettslag, med andre ord plassar dei blir kjent og integrert.

– Jo fleire busette, jo fleire plassar treng me til språkpraksis, både privat og i kommmunen, seier Kavlie.

Solheim ønskje nytt møte i august, og ein tett dialog fram til då.

Til toppen