MANGLAR EIN BIL: Lensmann i Årdal, Magne Knudsen, seier at no som politiet må ut å låne beredskapsbil, skapar dette utfordringar for tenestene politiet skal levere i Indre Sogn. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen
MANGLAR EIN BIL: Lensmann i Årdal, Magne Knudsen, seier at no som politiet må ut å låne beredskapsbil, skapar dette utfordringar for tenestene politiet skal levere i Indre Sogn. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen

Mangel på politibil går ut over tenestene

Tysdag måtte politiet i Indre Sogn levere attende politibilen dei i sommar fekk låne frå Hordaland politidistrikt. Det betyr at politiet i Årdal manglar ein beredskapsbil. 

Problema starta då politiet i Indre Sogn si maje, som er ein uniformert utrykkingsbil med ei celle for å frakte krevjande passasjerar, havarerte. Lensmann i Årdal, Magne Knudsen, fortel til NRK Sogn og Fjordane, at dermed mangla dei ein slik bil i vaktsamarbeidet mellom Lærdal, Årdal og Aurland. 

Mangelfull bilpark

Politiet fekk så låne ein bil frå Sogn, men som vart avskilta då den var i så dårleg forfatning. I sommar fekk så politiet i Indre Sogn låne ei maje frå Hordaland politidistrikt, for å hjelpe i den vanskelege bilsituasjonen. Men heller ikkje den passerte teknisk kontroll, og vart tysdag returnert til Bergen. 

Dermed er det ein sivilbil i Årdal, ein uniformert bil i Aurland og to i Lærdal. Den eine av bilane i Lærdal er attpåtil på verkstad. 

Går ut over arbeidet

Lensmann Knudsen seier til Porten.no at dei som har vakt og beredskap, må ut å låne beredskapsbil av nabokommunane i forkant av vakta. Utfordringa blir då å sørge for dei tre kontora i Årdal, Lærdal og Aurland, noko som skapar store utfordringar for logistikken, der lensmannen er redd for å havne i klemma. 

– Kjem me i klemma vil ting ta tid og det vil bli vansleleg å få tenestene me utfører til å rulle å gå, seier Knudsen til Porten.no

Han presiserer at dette ikkje er kritikk til politimeisteren og staben i Sogn og Fjordane politidistrikt, då dei har gjort det dei kan for å hjelpe tilhøva for politiet i Indre Sogn. 

– Dei har ikkje fått nok midlar slik at dei kan investere i bilparken, seier Knudsen. 

– Kan ikkje bruke pengar ein ikkje har

Politimeister Ronny Iden, seier til NRK at han er kjent med korleis det ligg an for politibilane i fylket og skulle sett att ting var annleis. Likevel seier Iden at ein ikkje kan kjøpe fleire bilar for pengar ein ikkje har. 

NRK har ikkje lykkast i å få ein kommentar frå Politidirektoratet eller gjere eit intervju med Politisk leiing i Justisdepartementet. Statssekretær Vidar Brein-Karlsen seier at dei føreset av Politidirektoratet og den enkelte politimeister syner for naudsynt utstyr. 

Til toppen