NYE RÅD: Storkommunen nye Sogndal skal fylla seks råd, der tre av dei er heilt nye. Margrete Haug (t.v) og Kristin Rundsveen (t.h) har starta jobben med å finna engasjerte folk til å fylla råda.
NYE RÅD: Storkommunen nye Sogndal skal fylla seks råd, der tre av dei er heilt nye. Margrete Haug (t.v) og Kristin Rundsveen (t.h) har starta jobben med å finna engasjerte folk til å fylla råda. (Foto: Mariann Skau, Sogndal kommune)

Manglar folk til dei ulike råda i nye Sogndal

Fleire råd skal etablerast i den nye storkommunen, og no søkjer kommunen engasjerte innbyggjarar til å fylla dei.

Sogndal: 1. januar blir Sogndal, Leikanger og Balestrand slått saman til nye Sogndal kommune. Storkommunen skal ha fleire råd som kan ta opp saker og koma med innspel til kommunen.

Kristin Rundsveen, leiar for komité for samfunnsutvikling, og Margrete Haug, leiar for komité for levekår, har starta jobben med å fylla råda med engasjerte innbyggjarar, går det fram av ei pressemelding.  

– Det er viktig at me får med folk frå alle delar av kommunen, og at me fangar opp breidda av interesser og miljø i den nye kommunen når me no skal byggja noko nytt, seier Rundsveen.

– Du kan melda deg sjølv eller koma med forslag om andre, dersom dei veit om nokon du trur kan gjera ein god jobb. Viss du har eit engasjement, er dette ei fin moglegheit til medverknad, legg ho til. 

Nye råd

Kommunen skal ha tre lovpålagde råd: eit eldreråd, eit råd for menneske med nedsett funksjonsevne og eit ungdomsråd. Desse ligg under komiteen for levekår.

Under komiteen for samfunnsutvikling skal det på plass tre heilt nye råd, som ingen av dei tre gamle kommunane har hatt. Desse råda er eit aktivitets- og friluftsråd, eit innvandrarråd og eit kulturråd.

Råda vil kunne uttala seg om saker før dei skal handsamast i kommunestyret.

– Det er flott at me har desse råda i nye Sogndal. Her kan folk få koma med innspel, og så kan me ta det vidare, seier Margrete Haug.

Lag, organisasjonar og enkeltpersonar kan koma med framlegg til medlemmar i råda. Innspel kan sendast til kommunen. 

Til toppen