HENTA UT: Mannen vart henta ned frå fjellet og flydd heimover
HENTA UT: Mannen vart henta ned frå fjellet og flydd heimover (Porten-tipsar)

Mann (54) gjekk seg fast i fjellet. Redningshelikopter blei utfordra av vêr

Mannen var kald og våt då han satt fast i terrenget.

Høyanger: Ein mann på 54 år gjekk seg fast i terrenget ved Dyrdalsstølen, meldte politiet på Twitter fredag kveld. 

Klokka sju meldte politiet at mannen var komen vel heim. Han vart løfta ned av helikopter. 

– Han var våt og kald, men elles frisk og rask, seier operasjonsleiar Eivind Hellesund.

Hellesund seier vidare at mannen hadde gått på tur og blitt overraska av dårleg vêr. 

Utfordrande ver

Vêret gjorde redningsaksjonen utfordrande. Klokka 18.45 sa politiet at dei var komne fram til mannen: 

– Det siste er at redningshelikopteret er komen fram. Dei ser han, men det er utfordrande ver, sa operasjonsleiar Eivind Hellesund. 

Han sa vidare at Røde Kors også var på veg til fots, i tilfelle helikopteret fekk problem med å nå mannen.

Har du bilete eller tips? Send til tips@porten.no

Til toppen