BISTÅR NORSK POLITI: Interpol bistår norsk politi i valdtektssaka. Her frå hovudkvarteret i Lyon. Foto: Massimilano Mariani/CC BY-SA 3.0-lisens.
BISTÅR NORSK POLITI: Interpol bistår norsk politi i valdtektssaka. Her frå hovudkvarteret i Lyon. Foto: Massimilano Mariani/CC BY-SA 3.0-lisens.

Mann arrestert for overgrep på russejente – slapp ut mot kausjon

Etterforskinga av saka kan ta opptil eitt år.

Sogn og Fjordane: I dag skriv både SpaniaavisenVG, og NRK at mannen som er sikta for valdtekt av ei russejente er sluppen laus mot ein kausjon på 9000 euro. Mannen er reist heim til Norge, men må reisa tilbake til Spania ved ei eventuell rettsak. Etterforskninga kan ta opptil eitt år.

Det var Sogn Avis som laurdag melde at ein mann i 50-åra frå Norge var arrestert på ferieøya Mallorca. Mannen var med som følgje på ein russetur, og elevane er frå to vidaregåande skular i fylket. Dagen etter skreiv Spaniaavisen at mannen var sikta for seksuelt overgrep på ei jente som var med på turen.

Det lokale politiet, Guardia Civil, opplyste i går til Spaniaavisen at overgrepet skal ha skjedd på hotellet etter ein bytur til Magaluf. Politiet vart varsla og arresterte nordmannen.

Som me skreiv måndag får Kripos og norsk politi hjelp av Interpol til å samla inn informasjon i saka.

– Informasjonen me får vil me vidarebringa til politidistriktet, sa Axel Due, kommunikasjonsrådgjevar i Kripos.

Til toppen