SIT FAST: Mann sit fast på Tungestølen fjellhytte i Veitastrond i Luster. Redningshelikopter er på veg.
SIT FAST: Mann sit fast på Tungestølen fjellhytte i Veitastrond i Luster. Redningshelikopter er på veg. (Foto: Linda Watten)

Jeger fast på fjellhylle i Luster, henta ut av redningshelikopter

Er uskadd, ifølgje HRS.

Luster: Ein mann sit fast på ei fjellhylle ved Tungestølen fjellhytte i Veitastrond i Luster, melder Vest politidistrikt sundag. 

– Me fekk melding om ein jeger som sit skårfast. Han sit på ei fjellhylle og kjem verken opp eller ned. Me har redningshelikopter på veg inn for å bistå, og sjå om dei kan få han ut, seier Cecilie Øversveen, vakthavande redningsleiar ved Hovedredningssentralen Sør. 

Klokka 15:07 melder politiet at mannen har blitt teken ombord i redningshelikopteret, og  bekrefta at han er uskadd. 

Til toppen