Dale/Leikanger: Store ressursar har blitt sett inn i søket etter ein familiefar som datt ut av ein båt utanfor Bjerganeset ved Dale i Sunnfjord torsdag.
I samråd med dei pårørande går politiet fredag ut med namnet på den sakna. Det er 46 år gamle Bjørn Ove Steig frå Leikanger.
Ifølgje NRK kom dei to borna som var i same båt frå ulukka utan fysiske skader. Politiet vil ikkje seia kva som skjedde då mannen fall over bord.
– Men me har henta inn vitneopplysningar, som gir oss eit godt bilete av kva som skjedde, seier innsatsleiar Joachim Malterud til NRK.
Leiteaksjonen held fram fredag, og politiet jobbar for å få plass ein miniubåt til søket.