FUNN: Politiet er blitt varsla om funn av død mann i Gulen kommune.
FUNN: Politiet er blitt varsla om funn av død mann i Gulen kommune. (Foto: Arkiv)

Mann funnen død ved Kvigesundsholmane i Gulen

Det skriv Vest politidistrikt i ei pressemelding.

Gulen: Klokka 15:00 blei Vest politidistrikt varsla om at ein mann var funne død i fjæresteinane ved Kvigesundsholmen.

Avdøde er ikkje blitt formelt identifisert endå, men det er grunn til å tru at det er mannen som blei meldt sakna etter ei drukningsulukka i Gulen, tidlegare denne veka. 

Pårørande er varsla, men dei ynskjer ikkje at politiet frigir namnet på den avdøde i dag. 

Lensmann i Nordhordland lensmannsdistrikt, Kjell Idar Vangberg, seier at det har vore søkt i sjøen både i går og i dag. Medan politiet haldt på med leitearbeid vart det varsla om at nokon hadde observert den avdøde i strandkanten. 

– Leitemannskapet tok då opp personen, og vi meiner det er same personen som vi har leita etter, seier han. 

Den avdøde låg utanfor området det vart leita i, og eit stykke frå der politiet fann båten dei reknar med han har falle uti frå torsdag. 

Politiet veit førebels ikkje noko om kva som har skjedd med mannen. 

– Vi har leita ut frå at han truleg har falle over bord frå båten på eit eller anna vis, og det er no sannsynleg at det er det som har skjedd, seier Vangberg. 

Avdøde vil bli obdusert over helga.

– Vi vil då få ein rapport som vil seie noko om dødsårsaka og kva som har skjedd, seier Vangberg. 

Til toppen