TOK RÅKØYRAR MED PROMILLE : Politiet stoppa i 2016 ein førar med over 1,27 i promille. Vedkomande, ein mann i 30-åra, prøvde å lura seg unna med å hoppa over i passasjersetet. Forklaringa han gav på den høge promilla i retten var ikkje mindre kreativ.  Illustrasjonsfoto.
TOK RÅKØYRAR MED PROMILLE : Politiet stoppa i 2016 ein førar med over 1,27 i promille. Vedkomande, ein mann i 30-åra, prøvde å lura seg unna med å hoppa over i passasjersetet. Forklaringa han gav på den høge promilla i retten var ikkje mindre kreativ. Illustrasjonsfoto. (Foto: arkiv)

Mann fyllekøyrte i over 150 km/t – tok ein «spansk ein» då han vart stoppa av politiet

Retten om den kreative forklaringa på promillen: – Heilt usannsynleg.

«Sogndal: Det var i november 2016 at mannen i 30-åra var på køyretur i Sogndal då han vart stoppa av politiet. Ei blodprøve teken seinare viste 1,27 i promille. Mannen hadde i tillegg mista førarkortet etter ein promilledom i heimlandet i 2014.

Sjølv hugsa ikkje mannen alle detaljane då han skulle forklara seg i retten. Men han hugsa at han hadde tatt ein køyretur for å komma seg vekk etter ein stor krangel med sambuaren. Han meinte sjølv han ikkje hadde drukke meir enn maks tre boksar øl.

Rundt midnatt køyrte han heimover etter å ha snakka med sambuaren på telefon. Etter ei stund oppdaga han at politiet følgte etter.

Politijakt i over 150 km/t

Han vart redd, og då han stoppa valde han å hoppa over i passasjersetet, for å gje inntrykk av at føraren hadde stukke av og at han sjølv berre sat på. Dette innrømte han i retten.

Ute av bilen vart han møtt av ein politistudent og ein politibetjent. Dei hadde vore på vanleg patrulje i sentrum då dei såg ein bil køyra i motsett retning med defekte skiltlys. Dei bestemte seg for å følgja etter. Lettare sagt enn gjort, skulle det visa seg. Ifølgje politimennene køyrte dei i 150 til 160 kilometer i timen over fleire kilometer, utan å få heng.

Etter nokre minutt tok dei likevel att fartssyndaren med dei manglande lysa. Då dei stoppa skrudde dei på fjernlyset og blålysa, og hadde dermed fullt innsyn til det som så skjedde.

Retten: – Heilt usannsynleg.

Gjennom bakruta såg dei føraren, forøvrig med sekk på ryggen, hoppa over til  passasjersetet, før han like etter gjekk ut av bilen. Då politimennene gjekk bort til han, merka dei at vedkomande hadde raude auge, ustø gange og at han snøvla då han snakka.

Dette meinte mannen hadde ei naturleg forklaring. Rett nok ei retten kom fram til var «heilt usannsynleg». Mannen fortalte at han, i det han hoppa over i passasjersetet, greip ei flaske brennevin og styrta i seg to desiliter før han gjekk ut av bilen. Han meinte dette forklarte den høge promillen, og at den ikkje hadde vore like høg då han køyrte.

Retten kjøpte verken forklaringa om dei tre ølboksane han hadde drukke før på dagen, eller om brennevinet han skulle ha styrta i seg etter å ha blitt stoppa. Dei gav i staden føraren fengsel i tjue dagar, ei bot på 16.000 kroner og tap av retten til å ha førarkort i to år. At saka låg lenge hos politiet før det vart teken ut tiltale, gav ein strafferabatt på mellom fem og åtte dagar.

 

 


 

Til toppen