Årdal: Helse Bergen melder at tilstanden til mannen i 20-åra er at han er alvorleg skadd. Den meldinga kom klokka 07.00 torsdag morgon.
Ulykka skjedde like før 02.00 i natt på karbonanlegget til Hydro. Det fortel informasjonssjef i Hydro, Halvor Molland, til Porten.no.
– Det er snakk om ein klemskade på karbonanlegget, seier han.
– Personen vart umiddelbart frakta til Haukeland, og me jobbar no med å finne ut kva som har skjedd. Politi og Arbeidstilsynet er varsla, og politiet gjer sine eigne undersøkingar.