KLATREULUKKE: Ein mann i 20-åra skada seg alvorleg då han fall ved Jutlamannen i Lærdal. Foto: Eivind M. Øren.
KLATREULUKKE: Ein mann i 20-åra skada seg alvorleg då han fall ved Jutlamannen i Lærdal. Foto: Eivind M. Øren.

Mann i 20-åra alvorleg skadd i fallulukke

Like etter 17.00 fredag ettermiddag fekk politiet melding om ei klatreulukke ved Jutlamannen i Lærdal.

  • Endret

Like etter 17.00 fredag ettermiddag fekk politiet melding om ei klatreulukke ved Jutlamannen i Lærdal.

Ifølgje politiet er det ein mann i 20-åra som har falt i ei klatreulukke ved Jutlamannen i Lærdal. Mannen var med to andre då ulukka skjedde.

Politiet kan ikkje seia noko om kor alvorleg skadd mannen er, men kan fortelja at han er bevisst. Alle naudetatane rykka ut, og eit Seaking-helikopter blei bestilt, men sidan det var oppteken med eit anna oppdrag kunne det ikkje komma.

Det var NRK Sogn og Fjordane som først meldte om saka. 

To klatrarar frå Sogndal blei difor henta til Lærdal for å bidra i redningsaksjonen. Dei to klatrarane kom til staden like etter 19.00, og det same gjorde eit redningshelikopter, som no har redda mannen ned og frakta han til Haukeland.

Også Raude kors er på plass, og troppsleiar Franz Henriksen reagerer på at dei ikkje vart varsla før. Dei fekk melding om ulukka rundt 19.10.

– Eg er veldig frustrert og skuffa over at me ikkje vart kontakta for lenge sidan. Det er ei lett turløype opp til staden der personen skada seg, seier han til Porten.no.

– Me har henta ned folk frå området tidlegare, og det har ikkje vore noko problem i det heile. 

Til toppen