ULUKKE: Naudetatane rykte i dag ut til ein paragliderstyrt i Aurland.
ULUKKE: Naudetatane rykte i dag ut til ein paragliderstyrt i Aurland. (Bilde: Arne Veum)

Mann i 20-åra frakta til Haukeland etter speedgliderstyrt

Politiet melder at mannen er medviten og talefør, men har smerter i rygg og mage

Aurland: Klokka 15:41 melde politiet om ei speedgliderulukke i Aurland. Ein mann i starten av 20-åra hadde styrta ikkje langt frå vegen. Naudetatane og luftambulanse rykka ut til staden.

FRAKTA VEKK: Den skadde vart flydd med helikopter til Haukeland sjukehus.
FRAKTA VEKK: Den skadde vart flydd med helikopter til Haukeland sjukehus. Foto: Arne Veum

– Han har fått ein kraftig snurr, gått rundt og styrta rett i bakken med ganske høg fart, seier Espen Gulliksen ved politiet sin operasjonssentral i Florø til NRK.

Klokka 16.07 melde akuttmottaket ved Helse Førde at ambulanse, lege og luftambulanse var komne til staden.

Ifølgje politiet er mannen medveten og talefør, men har smerter i rygg og mage.

Klokka 16:49 blir det meldt at den skadde er flydd til Haukeland sjukehus. Politiet avhøyrer vitner på ulykkesstedet.

STYRTA I BAKKEN: Ulukka skjedde i Aurland, ifølgje NRK ved Høgåsen i Skjerdalen.
STYRTA I BAKKEN: Ulukka skjedde i Aurland, ifølgje NRK ved Høgåsen i Skjerdalen. Foto: Skjermbilde/Google Maps
 
Til toppen