Årdal: Det var mistanke om ruskøyring, og politiet ønskja å ta blodprøve av mannen i 30-åra. Han nekta og motsette seg politiet.
Til slutt måtte politiet frakta han med seg frå Øvre Årdal til Bergen for at han skulle innsettasjt i arresten der. Ein tur som tok heile fem timar, skriv NRK Sogn og Fjordane, som først omtala saka.
Heile tre forskjellige politipatruljer var involvert i transporten av mannen.
– Det vart nok ein lang tur for dei som transporterte han, sa operasjonsleiar Bjarte Rebnord i Vest politidistrikt til NRK.