SAKNA: Ein mann i 60-åra er meldt mogleg sakna i Årdal.
SAKNA: Ein mann i 60-åra er meldt mogleg sakna i Årdal. (Foto: Skjermdump/Google maps)

Sakna mann i 60-åra funnen i god behald

Politi, frivillige og redningshelikopter er på veg til området.

Årdal: Politiet skriv på Twitter at klokka 13.58 i dag har dei har blitt varsla om ein mogleg sakna mann i 60-åra. Han skal ha vore på tur i området Koldedalsvatnet/Eidsbugarden, og familien har ikkje fått kontakt med han dei siste dagane.

Politi, frivillige mannskap og redningshelikopter er sendt mot staden for å sette i gang med søk.

Porten.no har ikkje lukkast å få kontakt med operasjonssentralen, men Klokka 15.12 skriv politiet at dei akkurat no ikkje har meir informasjon. Norsk Folkehjelp, Røde Kors og Norske redningshundar er kalla ut, men ingen er så langt komen fram til området.

Klokka 15.35 kom Hovudredningssentralen med ein melding om at ein person skal ha sendt ein naudmelding på SMS frå Falketind, og at hovudredningssentralen har sendt redningshelikopter frå Florø. 

Først skreiv Porten.no ei eiga sak om denne naudmeldinga, men etter ein prat med Hovudredningssentralen, viser det seg at det er snakk om same hending.

Klokka 16.05 skriv politiet at mannen er funnen i god behald, med helikopter. Det er ikkje behov for helsehjelp eller annan bistand. Han går sjølv ned att til bilen.

Til toppen