Sogndal: Ein 70 år gamal mann omkom i brannen i bustadblokka på Ulvahaugen i Sogndal sentrum i natt. Det opplyser politiet i ei pressemelding i natt.
Brannen vart meldt klokka 03:27, og alle naudetatane rykte ut til staden.
Atten bebuarar vart evakuerte frå blokka, ingen av desse er opplyste å vera skadde. Det er venta at dei fleste kan venda tilbake til husværa sine i løpet av dagen.
Brannen starta i ei leiligheit i andreetasje. Då røykdykkarar kom til fann dei ein person omkomen der inne.
– Når det gjeld brannårsak er det enno for tidleg å sei noko om dette. Åstaden er no avsperra, og så snart det er mogeleg vil politiet setje i gang med kriminaltekniske undersøkjingar for å finne årsaka, skriv politiet i ei pressemelding.