KNIVSTIKKING: Politiet rykka i kveld ut til vald i Sogndal. Èin person er lettare skadde etter å ha blitt stukken med kniv.
KNIVSTIKKING: Politiet rykka i kveld ut til vald i Sogndal. Èin person er lettare skadde etter å ha blitt stukken med kniv. (Foto: Arkiv)

Person knivstukken i Sogn – gjerningsmannen er arrestert

Ifølgje politiet er den knivstukne lettare skada etter valdsepisoden.

Indre Sogn: Laurdag 19.54 rykka politiet ut til ei adresse i Sogn etter melding om truslar med kniv. 

Då politiet kom til staden, var ein person blitt stukken. 

– Han er behandla av lege og er vurdert til å vera lettare skada, skriv politiet i ei pressemelding 23.40 i laurdags kveld.

Gjerningsmannen vart pågripen på staden.

– Han er sett i varetekt og vil bli avhøyrt i morgon, skriv politiet.

Dei vil ikkje gje ytterlegare opplysingar om ugjerninga i natt.

Har du tips eller bilete frå hendinga? Send på SMS til 907 03 711 eller på e-post til tips@porten.no.

Til toppen