Den skadde vart henta med luftambulanse klokka 07.05 og frakta til sjukehuset i Førde.
Den skadde vart henta med luftambulanse klokka 07.05 og frakta til sjukehuset i Førde. (Foto: Arkiv)

Mann kom i klemme då lasteskip skulle forlata kai på Årdalstangen

Hendinga skjedde ved 06-tida fredag morgon. 

Årdal: – Vedkomande som er ein filippinsk sjømann, skulle leggja tauet på plass og har på ein eller annan måte kome i klemme, slik at han fekk ein skade i foten, seier Gisle Rong, administrerande direktør i Sea-Trans Ship Management, til Sogn Avis.

Sea-Trans Ship Management har driftsansvaret for lasteskipet, som låg til hamn i tilknytning med arbeid for Hydro. Skipet var i ferd med å forlata kaien då ulukka skjedde. Like over sju blei mannen frakta med luftambulanse til Førde sentralsjukehus.

– Me veit ikkje akkurat no kva tilstanden er eller kva som er skadeomfanget. Vedkomande var så vidt eg kjenner til medviten då han vart henta, seier Rong til Sogn Avis.

Til toppen