FALL I DØDEN: Falketind er eit 2067 meter høgt fjell som ligg sørvest i Jotunheimen. Det er eit krevjande fjell som krev mykje kunnskap å klatre i.
FALL I DØDEN: Falketind er eit 2067 meter høgt fjell som ligg sørvest i Jotunheimen. Det er eit krevjande fjell som krev mykje kunnskap å klatre i.

Mann omkom i fallulukke på Falketind

Ein mann i 50-åra frå Austlandet døydde då han fall på veg ned frå fjellet Falketind i Årdal.

Årdal: Politiet melde om ulukka på Twitter klokka 23.27. Den omkomne var i eit følgje då ulukka skjedde. Pårørande har blitt varsla.

Politiet veit enno ikkje kva som har skjedd, men vil setje i gong etterforsking etter fallulukka.

Ifølgje NRK vart ulukka meldt klokka 17.49. To luftambulansar og eit redningshelikopter vart sendt til staden. 

– Det vart gjeve livreddande førstehjelp, men mannen vart stadfesta omkomen på staden, opplyser Kai Henning Myklebust ved Vest politidistrikt i Florø til NRK.

 

Til toppen