DREPEN: 64 år gamle Halvor Johan Sva opphaveleg frå Årdal vart påkøyrt i oktober 2012 i Sør-Odal og døydde av skadane. To menn vart sikta eit drygt år seinare, men politiet la bort siktinga i fjor. Nye opplysningar har gjort at dei to no er sikta på nytt. Ein tredje person er også sikta. Foto: Jan Egil Løvbak/NRK
DREPEN: 64 år gamle Halvor Johan Sva opphaveleg frå Årdal vart påkøyrt i oktober 2012 i Sør-Odal og døydde av skadane. To menn vart sikta eit drygt år seinare, men politiet la bort siktinga i fjor. Nye opplysningar har gjort at dei to no er sikta på nytt. Ein tredje person er også sikta. Foto: Jan Egil Løvbak/NRK

Mann opphaveleg frå Årdal påkøyrt og drepen i 2012: Saka teken oppatt

Ein tredje person sikta etter at ein 64-åring opphaveleg frå Naddvik vart påkøyrt og drepen i Sør-Odal for fire år sidan.

Sør-Odal: – Me ser på opplysningane som truverdige og kvalitativt gode. Dei to mennene blei sikta på ny og me starta etterforsking mot ein tredje mann som tidlegare hadde status som vitne. Han er no sikta, seier politiadvokat i Innlandet politidistrikt, Bjørn Erik Pettersen til NRK.

Det var Halvor Johan Sva, opphaveleg frå Naddvik i Årdal, som blei påkøyrd og drepen då han gjekk langs fylkesveg 287 ved Ullern skole i Sør-Odal i oktober 2012. Sva var ute og lufta hunden sin då han vart påkøyrd. Han blei funnen i vegkanten og døydde like etter av skadane.

Nye opplysningar i vår

Ein mann i 30-åra frå Romerike og ein mann i 20-åra frå Sør-Odal blei sikta i saka først i desember 2013, men i fjor blei saka lagt bort på grunn av bevisa si stilling. Siktinga vart også lagt bort.

Men så, i vår fikk politiet nye opplysningar om kva som skal ha skjedd i bilen og den aktuelle helga. Statsadvokaten tok difor opp att saka.

Ein tredje mann i 20-åra frå Glåmdalsdistriktet som tidligere er avhøyrt har no status som sikta. Politiet meiner han lyg i forklaringane sine.

Uforståande

– Han stiller seg uforståande til at han no er sikta. Han seier han ikkje har vore i bilen, og meiner han har ei gyldig god forklaring på kva han gjorde den aktuelle natta. Han seier han har sagt sanninga til politiet og står ved det, seier forsvarar Jørn Mejdell Jakobsen til NRK.

Advokat Aina Helene Tvengsberg forsvarar mannen frå Sør-Odal - også han stiller seg uforståande til siktinga. Advokat Torkil Røseid som forsvarar mannen frå Romerike vil førebels ikkje kommentera saka overfor NRK, sidan han enno ikkke har fått dokumenta frå politiet.

Mennene er sikta for uaktsomt bildrap eller medvierknad til dette.

Til toppen