Lærdal: Mannen vart funnen av dykkarar klokka 17:22. Det er ukjent kor langt frå land og kor djupt i sjøen han blei funnen. HLR starta med ein gong, før han blei sendt til Haukeland med luftambulanse. Det melder politiet i ei pressemelding.
Vedkomane er kring 18-19 år, og har registrert bustadadresse i Lærdal. Tilstanden er framleis uviss, og årsaka til hendinga er foreløpig ukjent.
Brann- og redning kom på staden berre eit par minutt etter at alarmen gjekk klokka 16:30. Like etterpå kom eit redningshelikopter med dykkararar frå Bergen og ein redningsmann i luftambulanse frå Førde.
Mange er prega av ulukka
Lærdal kommune har etablert eit kriseteam for å ta hand om dei pårørande.
– No har me seks personar som er klare til å vera der for dei som treng det, først og fremst sjølvsagt dei pårørande, men òg for andre som har vore involvert i denne hendinga, seier ordførar i Lærdal kommune, Audun Mo til Sogn Avis.
Ordføaren fortel at mange er sterkt prega av hendinga.
– Slike ting er tunge uansett kven det gjeld, men det er klart; Lærdal er eit lite samfunn der folk kjenner kvarandre, så veldig mange blir veldig prega, seier Mo.