KUNNE IKKJE GJERE MOSTAND: Saka vert omtalt som ei sovevaldtekt fordi kvinna var alkoholpåverka og kunne difor ikkje gjere motstand.
KUNNE IKKJE GJERE MOSTAND: Saka vert omtalt som ei sovevaldtekt fordi kvinna var alkoholpåverka og kunne difor ikkje gjere motstand. (Foto: Arkiv)

Mann sikta for sovevaldtekt på fest i Sogn

Ein mann i 30-åra er sikta for sovevaldtekt på ein fest i Sogn fjor haust. Den fornærma er ei kvinne i 50-åra.

Sogn: Mannen i 30-åra og kvinna i 50-åra kjenner kvarandre, men skal ikkje ha noko nærare relasjon. Det var Firda som først omtale saka. 

– Mannen er sikta for ei sovevaldtekt, noko som betyr at valdtekta har skjedd utan at fornærma var i stand til å sette seg imot handlinga, seier politiadvokat Sissel Kleiven til Firda.

Den sikta nektar straffskuld

Den fornærma sin støtteadvokat, Synne Catrin Øren, opplyser om at saka vert omtalt som ei sovevaldtekt fordi kvinna var alkoholpåverka og kunne difor ikkje gjere motstand. 

–  Valdtekta skal ha skjedd på ein fest i Sogn i fjor haust, seier kvinna sin støtteadvokat, Synne Catrin Øren.

Jurgita Zajanckauskaite, som er forsvararen til den sikta mannen, fortel at den sikta nektar straffskuld. Mannen i 30-åra har vore varetektsfengsla i tre månader, men det vart nyleg forlenga då det er styrka mistanke mot han. 

Den sikta mannen er opphavleg frå eit anna land, og retten fryktar at mannen kjem til å stikke av dersom han blir lauslaten.

Jobb i Sogn

Sjå alle stillingar

Til toppen