Lærdal: – Me har gjort våre undersøkingar etter meldinga som kom inn, seier lensmann i Lærdal, Helge Øvstetun.
Hendinga skal ha funne stad på Ljøsne i Lærdal torsdag. Ein mannsperson skal ha spurd eit barn om å bli med i bilen. Barnet blei ikkje med og ein føresett melde inn hendinga til lensmannskontoret.
– Me tek slike meldingar på største alvor. Utifrå undersøkingane me har gjort er det ikkje noko som tyder på at foreldre treng å uroa seg spesielt i området, seier lensmannen.
Han er likevel klar på at born og ungdom ikkje skal ta i mot slike tilbod frå framande.
– Det er den generelle regelen. Og den er viktig.