Indre Sogn: – Det har vore ei roleg veke, seier Simen Brænd, politibetent på Sogndal lensmannskontor.
Måndag: Klokka 06.19 måndagsmorning vart det meldt om eit trafikkuhell i Aurland. Det var eit mindre uhell der ein bil køyrte i ein anna. Det var ingen personskadar, og dei har ikkje noko notert på materielle skadar.
Tysdag: Det vart meldt om eit arbeidsuhell på Hafslo. Dei er usikre på skadeomfanget.
Onsdag: Mann i 20-åra vart vist vekk frå senteret etter vedkommande har spytta på gulvet, sleika seg på hendene og tatt på forskjellige stadar på senteret.
Torsdag: Over midnatt rykka politiet ut til ein bolig i Gaupne etter det var meldt om røykutvikling. Viste seg å vera tørrkoking. Mannen i 60-åra vart sjekka av ambulansepersonell, og overnatta ein anna plass, medan bustaden var lufta ut.
Etter melding om at mange spelte fotball på ei bane i nærleiken av Fosshaugane i Sogndal, rykka politiet ut.
Det var familiar med barn som leika saman. Politiet har ingenting å seia på opplegget.