Dette hadde politiet å melda på Twitter frå Lærdal natt til søndag:
03:20 Lærdal. Melding om slagsmål. Når politiet kom til staden var partane forsvunne.
03:00 Lærdal. Melding om ein sovande berusa mann i grøft. Vedk kvikna til når politiet kom og vart sendt heim.
01:42 Lærdal. Politiet fekk melding om to sinte personar som slost like utanfor festivalområdet. Dei involverte vart bortviste frå staden.
01:41 Lærdal. Ifb med den same festivalen vart ein person til funnen sovande og berusa. Denne karen vart køyrd heim av politiet.
01:12 På ein festival i Lærdal vart ein overstadig berusa person tatt hånd om av Røde Kors. Etter tilsyn av politi vart ambulanse tilkalla.
23:34 Melding om skadeverk ved eit kommunalt toalettanlegg i Lærdal. Saka vil bli fylgd opp av politiet.