Ein bilførar fekk førarkortet beslaglagt då UP stoppa han i dag tidleg.
Ein bilførar fekk førarkortet beslaglagt då UP stoppa han i dag tidleg. (Foto: Arkiv)

Mann teken i promillekontroll i Sogndal

Føraren blei fråteken førarkortet og anmeldt.

Sogndal: Ein bilførar fekk førarkortet beslaglagt då UP gjennomførte promillekontroll i Sogndal mellom 08.00 og 09.00 i dag tidleg.

– Han blei vinka til side, og han fekk utslag på alkometeret. Han er anmeldt for køyring i alkoholpåvirket tilstand og sit no i avhør. Sak er oppretta, seier operasjonsleiar Morten Rebnord, i Vest politidistrikt.

Mannen skal ha blitt stoppa i Trolladalen, og hendinga blei meldt inn til operasjonssentralen i 09.00-tida. 

Til toppen