FYLGJER SPENT MED: Det var eit moteinteressert publikum som hadde møtt opp på onsdagens mannekengframsyning på Årdalsenteret. (Bilde: )
(Bilde: Snorre Sandemose)
(Bilde: )
(Bilde: )
(Bilde: )
(Bilde: )
(Bilde: )
(Bilde: )
(Bilde: )
(Bilde: )
(Bilde: )
(Bilde: )
(Bilde: )
(Bilde: )

Mannekengframsyninga lyste opp i haustmørkret på Årdalsenteret

Klede, skor og øyredobbar vart synte fram av mannekengane, som saman med musikanten og publikum skapte stor stemning denne onsdags haustkvelden.

Ei av dei som hygde seg med å gjere unna gode handlar denne mørke haustkvelden, var Margunn Hestetun. Ho har eit barnebarn som plar gå mannekeng for Årdal mote, men som grunna kveldsskift på Hydro ikkje kunne vera med i år. Men Hestetun heldt seg ikkje heime for det, sjølv om ho tykkjer det er ekstra stas når barnebarnet er med på oppvisninga. : 

 TRIVELEG KVELDSHANDEL: Margunn Hestetun synest det er kjekkare å handla klede og skor når det har vore mannekengframsyning fyrst.
TRIVELEG KVELDSHANDEL: Margunn Hestetun synest det er kjekkare å handla klede og skor når det har vore mannekengframsyning fyrst. Bilde: Snorre Sandemose

– Eg kjem på alle mannekengframsyningane, haust som vår. Eg likar når det skjer noko i bygda. Og so gjeld det å støtta opp om det som er, elles vert det ingenting, seier ho. 

Ho tykte det vart ein koseleg haustkveld ut av arrangementet. Alt saman var kjekt. Fyrst den sosiale vindrikkinga nede, som bygde opp spaninga og forventningane. Og so likte ho musikken. Passande nok song spelemann Ingar Klubben gamle slagerar som aldri går av moten. Han song, spela gitar, og hadde med seg ein synthheziser attpåtil, og fekk sett ei 1950-talsstemning over moteshowet. 

– Det var heilt rett musikk for oss litt eldre. Og so er det so kjekt å sjå når mannekengane ber fram alle dei nye kleda. Alt skapar ei slik fin stemning, og du vert litt påverka av det. Etterpå vil du berre handla, seier Hestetun, og so ler ho godt.

Og det vart mange handlar i kveld, både på ho og systera, det kan ho konstatera. 

– Vanlegvis er det jo ikkje mogleg å gå her og handla klede seint ut på mørke kvelden. Det er so kjekt å gjera det ein kveld, so me set veldig pris på dette arrangementet. Det vert litt helgestemning på ein onsdag kveld, med vin og handel, ja ein skikkeleg «vetlelaurdag», seier ho. 

 Godt oppmøte og god handel

NØGD: Ingunn Bruheim i Freequent, ein av dei fem kles- og skobutikkane som stod bak mannekengarrangementet, var glad for at folk møtte entusiastisk opp på haustens mannekengframsyning.
NØGD: Ingunn Bruheim i Freequent, ein av dei fem kles- og skobutikkane som stod bak mannekengarrangementet, var glad for at folk møtte entusiastisk opp på haustens mannekengframsyning. Bilde:

– Det var bra handel på Årdalsenteret i sambandet med mannekengframsyninga i år, fortel senterleiar Ingunn Bruheim, som var med på å arrangera motehendinga.

Ho kunne fortelja at det hadde kome godt over hundre besøkjande, noko som var ein aldri so liten rekord.

For ikkje lenge sidan budde ho i Florø nokre år, og der var ho òg med på å skipa til mannekengframsyning, vår som haust. Men der kom det ikkje ein gong helvta so mange på mannekengframsyningane, trass i at jo Florø er ein by.

– Årdølene skal ha skryt for at dei møter opp, det set me veldig pris på. Det er kjekt at me årdøler bryr oss og er so flinke til å møta opp når det skjer noko i bygda, seier Bruheim. 

Til toppen