Årdal/Fredrikstad: – Sonen min på elleve år sat på i lastebilen som mannen min køyrde. Så køyrde far min ein annan bil, han dreiv transportfirmaet, fortel Gullbjørg Martinsen i Fredrikstad.
Statuen «Rallaren» vart bygd av kunstnaren Odd Hilt og skulle køyrast til Årdal for å bli sett opp i 1968. Gullbjørg Martinsen har teke vare på alle papira frå prosessen rundt transporten - anbodsrunden, avtalen og forsikringspapira.
Mellom anna går det fram av papira at det er snakk om tjue tonn stein og at dette skulle fraktast i to omgangar frå Kråkerøy til Årdal. Håkon Olsen, far til Gullbjørg kjem med eit tilbod på 3000 kroner og får tilslag på dette. Av papira frå Storebrand går det også fram at transporten vart forsikra for 75 000 kroner.
– Desse prisane blir jo latterlege
Forsikringspremien var på 150 kroner, i tillegg kom «administrasjonskostnader» på sju kroner og femti øre - desse kostnadane står oppført som «Stempel».
– Desse prisane blir jo latterlege når ein ser dei i dag, men det er jo så mange år sidan, dette, seier Gullbjørg.
Eit anna artig moment når ein les papira nesten femti år etter, er kommunikasjonen. I eit brev frå kunstnaren sjølv, Odd Hilt, til transportør Håkon Martinsen om det praktiske står følgjande:
«Det ville være fint om De ringte til Sverre Juvik, Årdal og Sunndal verk, Røtisvegen 6, Ø.Årdal eller Andreas Krossen, Farnesvegen 10 (ingen har telefon privat) og si fra når De kom.»
– Eg tykte det var så rart å lesa at ein måtte ringa i kontortida. Nesten ingen hadde telefon privat då, så verda har endra seg, seier Gullbjørg.
Artikkelen held fram under faksimilen

– Plar skryta av at det var eg som bar statuen over Filefjell
Ho fortel også at lastebilane som vart nytta var ein Büssing og ein Commer.
– Sonen min var med for moro skuld, ungane tykte det var artig å vera med på turar. Dottera mi var med over Hardangervidda ei gong dei kom over eit lag som dreiv med reinsslakting. Noko så fælt hadde ho aldri sett før.
Gullbjørg er 81 år no og mannen hennar avdød. Men sonen Knut-Erik Martinsen var med på turen.
– Eg plar skryta av at det var eg som bar statuen over Filefjell, ler han.
Han fekk ikkje med seg så mykje av akkurat prosessen med å få opp Rallaren der den står i dag.
– Der var faren min veldig streng, det var svære kraner og bilar i rørsle. Så eg måtte sitja inne i bilen og venta. Dei nytta ei kran lokalt, for me hadde ikkje kran på bilen den gongen.
Artikkelen held fram under biletet

– Frykteleg bratt ned
To ting hugsar han likevel godt: vêret og turen ned til Øvre Årdal.
– Det snødde. Så var det mykje snakk om vekta på statuen, og at det ikkje var heilt i samsvar med kva ein kunne lasta på bilane. Men det var jo ikkje vektkontrollar på den tida.
– Hugsar du noko frå turen ned til Årdal?
– Ja, eg hugsar me køyrde inn og ut av små tunnellar i bratte svingar og at det var frykteleg bratt ned. Skrekken etter den turen sat i mange år etter.
At det var denne turen ned til Årdal som gjorde at Knut-Erik ikkje heiv seg på sjåføryrket slik som faren og bestefaren, vil han ikkje seia. Men han køyrer i alle fall ikkje lastebil.
– Eg har jobba som servitør på ferja mellom Oslo og Kiel i mange tiår. Det er deileg å jobba inne og godt å sleppa å setja på kjettingar, humrar han.