HEFTIG TILTALELISTE: Den aust-europeiske mannen fekk mykje å svara for i tingretten.
HEFTIG TILTALELISTE: Den aust-europeiske mannen fekk mykje å svara for i tingretten. (Foto: Arkiv)

Mannen køyrde i fylla utan lappen i tjuvlånt bil, vart valdeleg mot politiet etter pågriping

Tilsto alt i retten, bortsett frå det han ikkje hugsa.

Sogn: Ein mann i 30-åra frå Aust-Europa er dømd til fengsel i 75 dagar etter å ha blitt funnen skuldig i såkalla bilbrukstjuveri, for å ha køyrt i rusa tilstand, og utan førarkort, samt for vald og truslar mot politiet.

Påtalemakta føreslo at fengselsstraffa skulle vera 90 dagar, men retten meinte at den domfelde fortente ein viss rabatt for å erkjenna straffskuld.

Høg promille

Det var i slutten av november at politiet rykka ut til ein utestad i Sogn, etter at ein utanlandsktalande person hadde meldt frå at han kjende seg trua av andre.

Då patruljen kom til staden såg dei ein varebil koma køyrande i høg fart. Politiet fekk opplyst at føraren hadde «drukke». Ein av betjentane gjekk ut i vegen for å stoppa bilen, utan hell.

Patruljen følgde etter, og observerte like etter bilen og føraren, som då var i ferd med å lukka ein port til arbeidsplassen han jobba på. Mannen vart arrestert, og teken med til blodprøvetaking.

Litt over ein time etter pågripinga var konsentrasjonen av alkohol i blodet på 1,71 promille.

Sona ferdig i varetekt

Medan blodprøvene blei tekne, blei mannen gradvis meir aggressiv. Mellom anna tok han kvelartak med ei hand på ein av betjentane. Tilbake i politibilen spytta den tiltala begge betjentane i ansiktet. Det blei bestemt at mannen skulle settast i arrest i Bergen.

Gjennom Lærdalstunnelen måtte patruljen stoppa fire gongar fordi arrestanten sparka. Sjølv ikkje då reisefølgjet kom fram til politihuset i Bergen hadde mannen roa seg.

Mannen vedgjekk straffskuld for dei fleste punkta i tiltalen, bortsett frå utageringa på politihuset, som han ikkje hugsa noko frå.

Retten fann den tiltala skuldig på alle punkt, og dømde han til 75 dagar fengsel, og 10.000 kroner i bot. Sidan han har site i varetekt i Vik heilt sidan pågripinga, slepp den domfelde å sona meir.

Til toppen