KJEM TIL FLÅM:
KJEM TIL FLÅM: (Pressefoto)

Mannen med den store stemma kjem til hagekonserten i Flåm

Jarle Bernhoft kjem til bygda i ei litt meir rocka utgåve enn me har blitt vane med å sjå dei siste åra.

Flåm: I slutten av mai skal Jarle Bernhoft spela konsert i hotellhagen på Fretheim Hotel. Det skriv hotellet i ei pressemelding i dag. 

I fjor var det Eva Weel Skram og ektemannen Thomas Stenersen som stod for akustiske godlydar i dei idylliske omgjevnadane i Flåm.

I år kan me venta eit meir rocka preg på konserten. Bernhoft har på det komande albumet nemleg gjort ein liten svipptur tilbake til starten av karriera og henta element frå ei meir hardtslåande utgåve av seg sjølv. Denne gongen gjekk han i studio med fullt band og innspelinga føregjekk meir eller mindre live. 

Bernhoft har nyleg avslutta ein verdsturnè og skal ut på vegen att til våren, der Fretheim Hotel er ein av plassane artisten skal innom. 

– Med hans utrulege stemme, fantastiske konsertar og innovative låtskriving, vert dette ein konsert du ikkje kan gå glipp av, seier hotelldirektør Øivind Wigand i pressemeldinga.

Til toppen