Vik: – Han vil bli framstilt for varetektsfengsling i løpet av dagen, seier lensmann i Vik Ove Andersen til Sogn Avis.
Fangen i 20-åra stakk av frå politiet på ferjekaia på Vangsnes då han skulle transporterast til Vik fengsel 13. februar. Fangen stal så ein bil i Vik og forsvann.
Sidan har ingen sett snurten av han, før han natt til onsdag – ein liten månad seinare – vart funnen og rågripen i Bergen.