ALVORLEG SKADD: Mannen som vart tatt av skred måndag er kritisk skadd. Foto: Haukeland universitetssjukehus.
ALVORLEG SKADD: Mannen som vart tatt av skred måndag er kritisk skadd. Foto: Haukeland universitetssjukehus.

Mannen som vart tatt av snøskred er kritisk skadd

Det opplyser Haukeland Universitetssjukehus i ei pressemelding.

Sogndal: Ifølgje pressemeldinga var det ein 29 år gamal mann som vart teken av snøskred i Sogndalsdalen. Mannen vart først frakta til Førde sentralsjukehus, men er deretter flytt til Bergen og Haukeland.

Pasienten kom til Universitetssjukehuset med alvorlege skader. Dagen etter er tilstanden vurder 

Det var måndag kveld at politiet gjekk ut på Twitter og fortalte at dei hadde starta ein leiteaksjon i Sogndalsdalen. Eit Sea King-helikopter, Røde Kors si skredgruppe i Sogn og politiet vart sett inn i søket. Norske redningshundar vart òg varsla.

– Utifrå det vi veit har han mest sannsynleg gått tur åleine, fortalde operasjonsleiar Trond Hatlenes ved Vest politidistrikt til Porten.no klokka 20.40.

Fjellvand og godt utstyrt

Politiet antok då at skiløparen hadde lagt turen til Frudalsfjellet. Til NRK opplyste politiet at dei hadde funne bilen til vedkomande og dermed visste kva utgangspunktet for turen. Vidare at den sakna mannen er fjellvand og var utstyrt med både skredvarslar og snøspade.

Då mannen vart funnen like etter klokka 22.00, kunne ikkje politiet seie noko om tilstanden anna enn at han var i live.

Til toppen