Sogndal: Vanlegvis er det kvinnene som dominerer, men i juleinnspurten tek mannfolka over kjøpesentra.
– Eg har sett mange mannfolk med store posar i dag, stadfester Wilhelm Tangerud, leiar for Sogningen storsenter i Sogndal.
For han har det gått i eitt i heile jula, sjølv ikkje i helgene slepp ein senterleiar unna. Gårsdagen var i tillegg ein av dei travlaste.
– I dag har vi hatt omlag ti tusen menneske innom, så det er den tredje største dagen i året. Vi ser at folk er litt på tuppa, for det er ein av dei siste dagane før julafta, seier Tangerud.
Les også: «Black Friday»: Sogningane kjøpte julegåver for 6,7 millionar kroner
Letta mannfolk si
Ole Øyvind Salte frå Sogndal var ein av dei som brukte dagen før vetlejulafta til å sikre dei siste tre julegåvene.
– Eg er akkurat ferdig, så no er eg eigentleg berre letta over å få det unnagjort. Det er digg, seier han.

Som så mange av oss går han i den same fella kvart år.
– Du utset det og utset det og tenkjer «eg kan ta det seinare». Så blir det ikkje før dei siste dagane, seier han.
Frode Sanden frå Årdalstangen hadde lagt innspurten på julegåvahandelen til Sogndal. Han skuldar på jobben når han skal forklare kvifor han vart sein i år igjen.
– I dag måtte eg spørre om fri for å klara å handla det eg trengte. No er eg berre letta for at eg har klart det, seier han.
Men nokon har skjønt det...
Allan Hovland frå Kaupanger var ein av få som verka å ha alt under kontroll, sjølv om han òg hadde spart dei siste to presangane.

– For ein gongs skuld var eg tidleg ute. Eg har visst kva eg skal kjøpa, så det handla berre om å få gjort det. Eg planlegg litt betre no enn eg gjorde før, det vart litt meir spontane greier i gamle dagar. Då vart det i siste liten med alt. Du lærer litt, heldigvis, seier han.
Det er ikkje berre på inne på kjøpesentra at folk stressar rundt. Også på vegane og i parkeringskjellarane merkar senterleiaren at det kan gå litt fort i svingane. Utan at det har vore nokon uhell akkurat i år.
– Det er den største bulkedagen i løpet av heile året, så eg ber folk ta det med ro når dei skal køyre heim og ta det pent. Sjølv om du er litt stressa, så har du alltid tid til å ta den lille halvtimen ekstra, seier Tangerud.