Aurland: Klokka 15.45 melde politiet om ein sykkelvelt på fylkesveg 331 ved Urnes i Luster. Ein mannleg turist pådrog seg kutt i hovudet og klaga over smerter i brystet etter ulukka, som skjedde omlag ein kilometer frå stavkyrkja.
– Det er ingen andre køyretøy som har vore involverte. Mannen sykla ned ein bakke då han velta og traff autovernet, før han blei liggande i grøfta, seier Morten Rebnord ved operasjonssentralen til Vest politidistrikt.
Det var forbipasserande som varsla om ulukka. Eit redningshelikopter frå Florø var tilfeldigvis i nærleiken og var framme på ulykkesstaden etter seks minutt.
– Han blir frakta til sjukehuset i Førde, seier Rebnord ved operasjonssentralen.